Funksjonar

Avhengig av kva felttype du vel, kan du tilpassa vilkår til bestemte funksjonar. For eksempel kan du definera eit felt som køyrer ein makro når du klikkar i feltet i dokumentet eller eit vilkår som gjer at feltet vert gøymd når vilkåret er oppfylt. Du kan også definera plasshaldarfelt som set inn bilete, tabellar, rammer eller andre objekt i dokumentet når dette er ønskjeleg.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Funksjonar


Type

Listar opp dei tilgjengelege felttypane.

Type

Tyding

Vilkårstekst

Set inn tekst viss eit bestemt vilkår er oppfylt. For eksempel kan du skriva inn «sun eq 1» i feltet Vilkår og deretter teksten du vil setja inn når variabelen «sun» er lik «1» i feltet Og så. Om du ønskjer det, kan du i feltet Elles skriva inn teksten som skal visast når dette vilkåret ikkje er oppfylt. Variabelen «sun» vert definert i fana Variablar ved å trykkja «Vel variabel», skriva inn «sun» i feltet Namn og skriva inn den tilsvarande verdien i feltet Verdi.

Innliste

Set inn eit tekstfelt som viser eitt element frå ei liste. Du kan leggja til, redigera og fjerna element og endra rekkjefølgja på dei i lista. Trykk på eit Innliste-felt i dokumentet eller trykk + Shift + F9 for å visa dialogvindauget Vel element.

Skrivefelt

Set inn eit tekstfelt som du kan opna ved å trykkja på det i dokumentet. Nå kan du endra teksten som vert vist.

Køyr makro

Set inn eit tekstfelt som køyrer ein makro når du trykkjer feltet i dokumentet. Du kan tildela ein makro til feltet ved å trykkja Makro.

Plasshaldar

Set inn eit plasshaldarfelt i dokumentet, for eksempel ein plasshaldar for bilete. Når du trykkjer eit plasshaldarfelt i dokumentet, vert du beden om å setja inn elementet som manglar.

Gøymd tekst

Set inn eit tekstfelt som vert gøymd når vilkåra du har sett er oppfylt. Du tek funksjonen i bruk ved å velja LibreOffice Writer → Vis og fjerna avkryssinga framføre Gøymd tekst.

Gøymde avsnitt

Gøymer eit tekstfelt når vilkåra du har sett er oppfylt. Du tek funksjonen i bruk ved å velja LibreOffice Writer → Vis og fjerna avkryssinga framføre Gøymde avsnitt.

Slå saman teikn (berre for asiatisk)

Slår saman opp til seks teikn slik at dei vert oppfatta som eitt enkelt teikn. Denne funksjonen er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske skrifter er slått på.


note

Felta nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Format

For funksjonsfelt vert formatfeltet berre brukt for felt av typen plasshaldar. Formatet bestemmer kva objekt plasshaldaren står for.

Vilkår

Her skriv du inn kriteria for felt lenkja til eit vilkår.

Så, Elles

Skriv inn teksten som skal visast når vilkåret er oppfylt i Om, så-boksen, og teksten som skal visast når vilkåret ikkje er oppfylt i Elles-boksen.

Du kan også setja inn databasefelt i boksane og Elles ved å bruka formatet «databasenamn.tabellnamn.feltnamn».

note

Viss tabell- eller feltnamnet ikkje finst i ein database, vil ingenting verta sett inn.


note

Viss du skriv uttrykket inne i hermeteikn, som i «databasenamn.tabellnamn.feltnamn», vert uttrykket sett inn som tekst.


Referanse

Skriv inn teksten som skal visast i feltet. Viss du set inn eit plasshaldarfelt, skriv inn teksten som skal visast som tips når markøren vert halde over feltet.

Format

Vel makroen som skal køyrast når du trykkjer på feltet.

Makronamn

Viser namnet på den valde makroen.

Plasshaldar

Skriv inn teksten som skal visast i plasshaldarfeltet.

Gøymd tekst

Skriv inn teksten som skal gøymast viss eit vilkår er oppfylt.

Teikn

Skriv inn teikna du vil slå saman. Du kan slå saman høgst seks teikn. Dette valet er berre tilgjengeleg for felttypen Slå saman teikn.

Verdi

Skriv inn ein verdi for det valde feltet.

Makro

Opnar makroveljaren der du kan velja makroen som skal køyrast når du klikkar på det valde feltet i dokumentet. Denne knappen er berre tilgjengeleg for funksjonsfelta for «køyr makro».

Desse kontrollelementa vert viste for felt av typen Innliste:

Element

Skriv inn eit nytt element.

Legg til

Legg element til lista.

Element i lista

Listar elementa. Det øvste elementet er vist i dokumentet.

Fjern

Fjernar det merkte elementet frå lista.

Flytt opp

Flyttar det merkte elementet opp i lista.

Flytt ned

Flyttar det merkte elementet ned i lista.

Namn

Skriv inn eit unikt namn for inndatalista.

Vel element

Dette dialogvindauget kjem fram når du trykkjer eit Innliste-felt i dokumentet.

Vel kva element du vil visa i dokumentet og trykk på OK.

Rediger

Viser dialogvindauget Rediger felt: Funksjonar, der du kan redigera innlista.

Neste

Lukkar den gjeldande Innlista og viser den neste, viss ho er tilgjengeleg. Du ser denne knappen når du opnar dialogvindauget Vel element med + Shift + F9.

Støtt oss!