Kryssreferansar

Her set du inn referansar eller refererte feil i dokumentet. Referansar er refererte felt i det same dokumentet eller i deldokument i eit hovuddokument.

Fordelen med å skriva inn ein kryssreferanse som eit felt, er at du ikkje treng å justera referansen manuelt kvar gong du gjer endringar i dokumentet. Du treng berre å oppdatera felta ved å trykkja F9. Då vert også referansane i dokumentet oppdaterte.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Kryssreferansar

Vel Set inn → Set inn kryssreferanse.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Kryssreferanse.

Vel Referansar → Kryssreferansar.

Frå verktøylinjer:

Ikon Set inn kryssreferanse

Set inn kryssreferanse

Frå tastaturet:

+ F2


Setja inn kryssreferansar

Type

Viser tilgjengelege felttypar. For å leggja eit felt til dokumentet, trykk på ein felttype, vel eit felt i lista og trykk på Set inn. Desse felta kan setjast inn:

Type

Tyding

Set referanse

Set målet for eit referert felt. Skriv inn eit namn på referansen under Namn. Når du set inn ein referanse, vert namnet vist i lista Utval.

I eit HTML-dokument vert referansefelt som er skrivne inn på denne måten ignorerte. I staden må du setja inn eit bokmerke til mål i HTML-dokument.

Set inn referanse

Vil setja inn ein referanse til ei anna plassering i dokumentet. Referansen til dette målet må på førehand vera definert med «Set inn referansepunkt». Viss dette ikkje er gjort, er det ikkje råd å setja inn ein referanse ved å velja eit feltnamn i Utval.

I hovuddokument kan du også setja inn ein referanse frå eitt underdokument til eit anna. Merk at namnet på referansen ikkje vert vist i utvalsfeltet og må skrivast inn «for hand».

I eit HTML-dokument vert referansefelt som er skrivne inn på denne måten ignorerte. I staden må du setja inn ei hyperlenkje.

Overskrifter

Utvalsboksen viser ei liste over alle overskriftene i den rekkjefølgja dei vert viste i dokumentet.

Nummererte avsnitt

Utvalsboksen viser ei liste over alle ordna avsnitt i den rekkefølgja dei vert viste i dokumentet. Lista inneheld:

  • avsnitt med ein avsnittsstil som er sett i eit nummereringsskjema i dialogvindauget Verktøy → Overskriftsnummerering

  • sorterte listeavsnitt som er formaterte med formateringsverktøylinja eller med dialogvindauget for punkt og nummerering

  • avsnitt formaterte med ein stil frå nummererte lister

  • avsnitt formatert med ein avsnittsstil med ein nummerert listestil brukt frå fana «Disposisjon og liste».

Bokmerke

Når du har sett inn eit bokmerke i dokumentet med Set inn → Bokmerke, kan du bruka typen Bokmerke på fana Kryssreferansar. Bokmerke vert til vanleg brukte til å merka bestemte tekststykke i eit dokument. I eit tekstdokument kan du for eksempel bruka bokmerke til å hoppe frå eitt tekststykke i dokumentet til eit anna.

I eit HTML-dokument vert desse bokmerka omgjorde til anker som for eksempel bestemmer målet for ei hyperlenkje. Ankera vert viste i HTML-koden som <A name>.

Fotnotar

Viss dokumentet inneheld fotnotar, kan du velja elementet fotnotar. Ein referanse til ein fotnote vil returnera fotnotenummeret.

(Innsette objekt med bilettekst)

Du kan setja inn referansar til objekt som har bilettekstar. Du kan for eksempel setja inn eit bilete, høgreklikka det og velja «Bilettekst». Nå vert objektet vist som ein nummerert «Illustrasjon» på lista.


tip

Referansar er felt. Du kan fjerna ein referanse ved å sletta feltet. Viss du brukar ein lang tekst som ein referanse og vil sleppa å skriva teksten inn på nytt etter at du har sletta referansen, kan du merkja teksten og kopiera han til utklippstavla. Nå kan du bruka kommandoen Rediger → Lim inn utval til å setja inn teksten igjen ved å lima han inn som «Uformatert tekst» på same staden . Teksten vil vera den same, men referansen til han er sletta.


Utval

Listar opp dei tilgjengelege felta for felttypen vald i lista Type. Du set inn eit felt ved å klikka på feltet, velja format i lista «set inn referanse til» og trykkja på Set inn.

tip

Du kan raskt setja inn eitt av felta som vert viste i lista ved å halda inne tasten og dobbeltklikka på namnet til feltet du vil setja inn.


Referer med

Vel formatet du vil bruka for det valde referansefeltet. Desse formata er tilgjengelege:

Format

Tyding

Sidenummer (utan stilar)

Set inn sidetalet til den sida som inneheld målet for referansen.

Kapittel

Set inn overskriftsnummeret eller listenummeret til referansemålet.

Referert tekst

Set inn heile referansemålteksten. For fotnotar vert fotnotenummeret sett inn. For bilettekstar vert den fullstendige biletteksten (kategori, nummer og tekst) sett inn.

«Over»/«Under»

Set inn «over» eller «under», avhengig av plasseringa av målet for referansen i høve til referansefeltet.

Sidetal (med stilar)

Set inn sidetalet til den sida som inneheld målet for referansen. Formatet vert det same som brukt i sidestilen.

Tal

Set inn nummeret til overskrifta eller det nummererte avsnittet, også med overordna nivå, avhengig av samanhengen. Sjå merknaden under denne tabellen for nærare opplysningar.

Tal (ingen samanheng)

Set inn nummeret til overskrifta eller det nummererte avsnittet.

Tal (full samanheng)

Set inn nummeret til overskrifta eller til det nummererte avsnittet, også med overordna nivå.

Kategori og nummer

Set inn bilettekst, kategori og bilettekstnummer (eller nummerområde, variabelnamn og verdi). All tekst mellom kategori og nummer (eller variabelnamn og verdi) vert også sett inn.

Dette alternativet er tilgjengeleg for alle talområdevariablar, også bilettekstnummer.

Bilettekst

Set inn all tekst etter bilettekstkategorien og bilettekstnummeret til slutten av avsnittet.

Dette alternativet er tilgjengeleg for alle talområdevariablar, også bilettekstnummer.

Nummer

Set inn bilettekstnummeret (eller talområdeverdien).

Dette alternativet er tilgjengeleg for alle talområdevariablar, også bilettekstnummer.


note

For formata «Kapittel», «Tal», «Tal (ingen samanheng)» og «Tal (full samanheng)» er tala som vert viste for eit undernivå avhengig av kva som er vald i Vis undernivå for dei relevante dokumentstrukturnivåa sette i Verktøy → Overskriftnummerering.


Namn

Skriv inn namnet på det sjølvdefinerte feltet du ønskjer å laga. For å setja in eit mål, klikk på «Set referanse» i Type-lista, skriv inn eit namn i denne boksen og klikk på Set inn. For å laga referanse til det nye målet, klikk på målnamnet i Vel-lista.

Mål som finst i ulike underdokument vert ikkje viste i lista Utval i eit hovuddokument. Viss du vil setja inn ein referanse til målet, må du skriva inn stien og namnet i feltet Namn.

Verdi

Skriv inhaldet du vil bruka i eit sjølvdefinert felt.

Viss du markerar tekst i dokumentet og deretter set inn ein referanse, vil den markerte teksten verta innhaldet i feltet som du set inn.

Støtt oss!