LibreOffice 7.5 Hjelp
Felt vert brukte til å setja inn informasjon om det gjeldande dokumentet, for eksempel filnamn, mal, statistikk, brukarinformasjon, dato og klokkeslett.
For å setja inn eit felt i dokumentet, må du først velja Type og så trykkja på lista Vel for å velja kva informasjon som skal setjast inn,trykk deretter Set inn.
Listar opp dei tilgjengelege felttypane.
Listar opp kva informasjon som kan setjast inn i ein vald felttype.
Du kan raskt setja inn eit felt frå lista Vel ved å dobbeltklikka på feltet.
Viss eit felt viser ein dato, eit klokkeslett eller eit tal, bruk Format for å tilpassa visinga av datoen, klokkeslettet eller talet. Standardformata vert viste i formatvindauget. Du kan også bruka «Fleire format» for å definera eit tilpassa format.
Når du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindaugetTalformat opna slik at du kan laga eit sjølvvald format.
Viss du vel «Kapittelnummer utan skiljeteikn» for eit kapittelfelt, vert dei skiljeteikna som er oppgjevne for kapittelnummer i ikkje viste.
Viss du vel «Kapittelnummer» som format for referansefelt, vil feltet berre visa nummeret til kapitteloverskrifta som inneheld objektet det vert vist til. Viss avsnittsstilen for kapitteloverskrifta ikkje er nummerert, vil feltet vera tomt.
Ved HTML-eksport og import av dato- og klokkeslettfelt, vert spesielle LibreOffice-format brukt.
Skriv inn disposisjonsnivået for det kapittelet som skal visast. Det innsette feltet vil visa ein verdi som er henta frå det siste avsnittet med det gjevne disposisjonsnivået før det innsette feltet.
Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».
Med ei forskyving med verdien 1, vil feltet visa eit tal som er 1 større enn det gjeldande sidenummeret, men berre om det finst ei side med det nummeret. På den siste sida er dette feltet tomt.
Viss du vil endra det faktiske sidetalet og ikkje sidetalet som vert vist, må du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bør heller endra sidetal slik det vert forklart i rettleiinga om Sidetal.
Skriv inn forskyvinga du vil bruka i eit dato- eller klokkeslettfelt.