LibreOffice 25.2 Hjelp
Skriv inn leverings- og returadressa for konvolutten. Du kan også setja inn adressefelt frå ein database, for eksempel frå adressedatabasen.
Skriv inn mottakaradressa. Du kan også klikka i boksen og velja ein database, ein tabell og eit felt og deretter klikka pilknappen for å setja feltet inn som adresse. Om du ønskjer det, kan du også bruka formatering som for eksempel utheving og understreking av adresseteksten.
Legg til ei returadresse på konvolutten. Vel kontrollboksen Sendar og skriv inn returadressa. LibreOffice vil automatisk setja inn brukardataa dine i Sendar-boksen, men du kan skrive inn kva data som helst her.
Vel databasen som inneheld dei adressene du ønskjer å setja inn.
Vel databasetabellen som inneheld dei adressene du ønskjer å setja inn.
Merk databasefelt som inneheld dei adressene du ønskjer å setja inn og klikk på pilknappen. Dataa vert lagt inn i den adresseboksen markøren er i.