LibreOffice 24.8 Hjelp
Lag ein konvolutt. På tre faner kan du oppgje avsendar og mottakar, plassering og formatering av begge adressene, storleiken på konvolutten og utskriftsretninga.
Opprettar eit nytt dokument og set inn konvolutten.
Set inn konvolutten framføre den gjeldande sida i dokumentet.
Klikk på konvoluttsida for å gjera denne til den gjeldande sida.
Høgreklikk feltet «Konvolutt» i statuslinja.
Ein undermeny med sidestilar vert opna.
Vel sidestilen «Standard» frå undermenyen.
Dette fjernar den spesielle sideformateringa «Konvolutt».
Slett rammene for avsendar og mottakar. Klikk kanten av kvar ramme og trykk tasten «Delete».