LibreOffice 7.5 Hjelp
Legg til ein nummerert bilettekst til eit valt bilete, tabell, ramme, tekstramme eller teikning. Du finn òg denne kommandoen ved å høgreklikka på det elementet du vil leggja teksten til.
Bestemmer alternativ for bilettekst i det valde elementet.
Vel bilettekstkategori eller skriv inn eit namn for å laga ein ny kategori. Kategoriteksten vert vist framføre nummeret til biletteksten i bilettekstetiketten. Kvar sjølvvald bilettekstkategori vert formatert med ein avsnittsstil med det same namnet. For eksempel vert bilettekstkategorien «Illustrasjon» formatert med avsnittsstilen «Illustrasjon».
Vel kva nummereringstype du vil bruka i biletteksten.
Skriv inn den teksten som skal visast etter bilettekstnummeret.
Her kan du skriva inn valfrie teikn som skal visast mellom talet og biletteksten.
Legg biletteksten inn ovanfor eller nedanfor del valde elementet. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg for alle objekta.
Opnar dialogvindauget for bilettekst. Dette vindauget inneheld den same informasjonen som du får fram med LibreOffice Writer → Automatisk bilettekst i menyen innstillingar.