LibreOffice 7.6 Hjelp
Set inn eit bokmerke ved markørposisjonen. Du kan seinare bruka dokumentstrukturen for å raskt hoppa til den merkte staden. I eit HTML-dokument vert bokmerke konverterte til anker som du kan gå til frå ei hyperlenkje.
Du kan gå til eit bestemt bokmerke ved å trykkja på F5 for å opna vindauget Dokumentstruktur. Trykk på plusteiknet (+) ved sida av bokmerke -oppføringa og dobbeltklikk deretter på bokmerket.
Du kan også høgreklikka sidetalet til venstre i statuslinja nedst i dokumentvindauget og deretter velja bokmerket du vil gå til.
Skriv inn namnet på bokmerket du vil laga. Trykk deretter Set inn.
Desse teikna kan ikkje brukast i eit bokmerkenamn: / \ @ : * ? " ; , . #
Viser alle bokmerka i det gjeldande dokumentet.
Du kan gje eit bokmerke eit nytt namn ved å merkja bokmerket og trykkja på Gje nytt namn. Skriv det nye namnet i dialogvindauget som kjem fram.
Du kan sletta eit bokmerke ved å merkja det og trykkja på knappen Slett. Du får ikkje opp ei melding om du verkeleg vil sletta.
Du kan ikkje gje nytt namn til eller sletta bokmerke som er verna.
Du kan flytta markøren til eit bokmerke i dokumentet ved å merkja bokmerket og så trykkja Gå til.