Fotnote/sluttnote

Set inn ei fotnote eller ei sluttnote i dokumentet. Noteteiknet vert set inn ved skrivemerket. Du kan velja om du vil bruka automatisk nummerering eller eit sjølvvald symbol.

Det følgjande gjeld både fotnotar og sluttnotar. .

Fotnotar vert sette inn nedst på kvar side, medan sluttnotar vert sette inn nedst på den siste sida i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Fotnote og sluttnote → Fotnote og sluttnote

Frå sprettoppmenyen:

Vel Fotnote/Sluttnote (på innsett fotnote/sluttnote)

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Referanse → Fotnote

Vel Referanse → Sluttnote

Frå verktøylinjer:

Ikon Set inn fotnote direkte

Set inn fotnote direkte

Ikon Set inn sluttnote direkte

Set inn sluttnote direkte


Nummerering

Vel kva type nummerering du vil bruka for fotnotar og sluttnotar.

Automatisk

Nummererer automatisk fotnotane eller sluttnotane du set inn i stigande rekkjefølgje. Du kan endra innstillingane for automatisk nummerering i Verktøy → Fotnotar og sluttnotar.

Teikn

Vel dette alternativet for å definera eit teikn eller symbol for den gjeldande fotnota. Dette kan vera ein bokstav, eit tal eller eit spesialteikn.

Vel

Set inn eit spesialteikn som fotnote eller sluttnotemerke.

Type

Vel om du vil setja inn ein fotnote eller ein sluttnote. Sluttnotenummereringa er uavhengig av fotnotenummereringa.

Fotnote

Set inn eit fotnotemerke ved skrivemerket og legg til ein fotnote nedst på sida.

Sluttnote

Set inn eit sluttnotemerke ved skrivemerket og legg til ein fotnote nedst på sida.

Støtt oss!