Bolk

Set eigenskapane for bolken.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Bolk → Innrykk eller vel Format → Bolkar


Ny bolk

Skriv inn namnet på den nye bolken. Som standard vil LibreOffice setja inn namnet «Bolk x» der x er eit fortløpande nummer.

Lenkje

Lenkje

Set inn innhaldet til eit anna dokument eller eit avsnitt frå eit anna dokument i bolken du arbeider med.

DDE

Opprett ei DDE-kopling. Kryss av her og vel deretter DDE-kommandoen du vil bruka. DDE-valet er berre tilgjengeleg dersom avkryssingsboksen for kopling er merkt av.

Den generelle syntaksen til ein DDE-kommando er: «<Tenar> <Emne> <Element>», der Tenar er DDE-namnet til programmet som inneheld dataa. Emne viser til plasseringa av elementet (til vanleg filnamnet), og Element står for sjølve objektet.

For eksempel kan du setja inn ein bolk som heiter «Bolk1» frå eit LibreOffice-tekstdokument med namnet «abc.sxw» som ei DDE-lenkje ved å bruka kommandoen: «soffice x:\abc.sxw Bolk1». Du kan setja inn innhaldet i den første cella i ei Microsoft Excel-reknearkfil kalla «abc.xls» ved hjelp av kommandoen «excel x:\[abc.xls]Ark1 z1s1». Du kan også kopiera elementa du vil setja inn som ei DDE-lenkje og deretter velja Rediger → Lim inn utval. Nå kan du visa DDE-kommandoen for lenkja ved å merka innhaldet og velja Rediger → Felt.

Filnamn

Skriv inn stien og filnamnet til fila du vil setja inn eller trykk på knappen Bla gjennom for å finna fila.

Bla gjennom

Finn fila som du vil setja inn som ei lenkje. Trykk deretter på Set inn.

Utval

Merk bolken i fila du vil setja inn som ei lenkje.

Når du opnar eit dokument som inneheld bolkar med lenkjer, vert du spurd om du vil oppdatera lenkjene.

Skrivevern

Vern

Vernar den merkte bolken frå å verta endra.

Med passord

Vern den valde bolken med passord. Passordet må ha minst 5 teikn.

Passord

Opnar eit dialogvindauge der du kan endra det gjeldande passordet.

Gøym

Gøym

Gøymer og hindrar utskriving av den merkte bolken. Ein gøymd bolk vert vist grå i dokumentstrukturen. Når du held markøren over ein gøymd komponent i dokumentstrukturen, viser snakkebobla «Gøymd».

Merknadsikon

Du kan ikkje gøyma ein bolk dersom han er det einaste innhaldet på ei side, i ein topptekst, i ein botntekst, i ein fotnote, i ei ramme eller i ei tabellcelle.


Med vilkår

Skriv inn vilkåra som må oppfyllast for å gøyma bolken. Eit vilkår er eit logisk uttrykk og må resultera i SANN eller USANN.

Du kan for eksempel oppretta feltvariabelen x og setja verdien til 1. Deretter spesifiserer du eit vilkår basert på denne variabelen for å gøyma ein bolk, for eksempel: x EQ 1 for å gøyma bolken. Viss du vil visa bolken, set du verdien for variabelen x til 0.

Tipsikon

Når du brukar vilkår baserte på databasefelt, må du alltid kvalifisera feltet fullstendig ved å spesifisere det som Database_namn.Tabell_namn.Felt_namn.


Eigenskapar

Denne delen av dialogvindauget vert vist når det gjeldande dokumentet er eit XForms-dokument.

Redigerbar i skriveverna dokument

Set eit merke i denne boksen for å tillata redigering av innhaldet i bolken sjølv om dokumentet vert opna skriveverna.

Støtt oss!

Støtt oss!