LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn ein tekstbolk ved skrivemerket i dokumentet. Du kan også merkja ei tekstblokk og velja denne kommandoen for å laga ein bolk. Du kan nytta bolkar til å setja inn tekstblokker frå andre dokument, eller leggja til sjølvdefinerte spalteoppsett. Det er også mogleg å verna eller gøyma tekstblokker om eit vilkår er fylt.
Du kan setja inn eit heilt dokument i ein bolk eller ein namngjeven bolk frå eit anna dokument. Du kan også setja inn ein bolk som ei DDE-lenkje.
Du kan redigera ein bolk ved å velja Format → Bolkar.
Dialogvindauget Set inn bolk inneheld desse fanene:
Set den aktuelle bolken inn i dokumentet der skrivemerket er plassert.