Set inn manuelt skift

Set inn eit manuelt linjeskift, spalteskift eller sideskift der skrivemerket står.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Fleire slag skift → Manuelt skift


Type

Vel kva type skift du vil setja inn.

Linjeskift

Avsluttar den gjeldande linja og flytt den funne teksten til høgre for markøren til neste linje utan å laga nytt avsnitt.

Omstartstaden spesifiserer kvar neste linje skal byrja etter eit linjeskift.

Moglege verdiar vert viste nedanfor.

Opphavleg tekstutforming:

Opphavleg tekstutforming

Verdi

Formateringsteikn

Meining

[Ingen]

Linjeskift ingen

Hald fram like etter den gjeldande linja.

Eksempel på linjeskift ingen (standard)

Neste heile linje

Linjeskift fullt

Hald fram ved neste heile linje, det vil seia nedføre alle forankra objekt som kryssar den gjeldande linja.

Eksempel på linjeskift Neste heile linje

Venstre

Linjeskift til venstre

Hald fram på neste linje som er frigjort på venstre side.

Eksempel på linjeskift venstre

Høgre

Linjeskift til høgre

Hald fram på neste linje som er frigjort på høgre side.

Eksempel på linjeskift høgre


Standardverdien for linjeskiftet er ingen.

tip

Du kan også setja inn eit linjeskift ved å trykkja Shift+ Enter.


Kolonneskift

Set inn eit manuelt spalteskift (i eit oppsett med fleire spalter) og flytt den funne teksten til høgre for markøren til byrjinga av neste spalte. Eit manuelt spalteskift vert vist med ei ikkje utskrivbar ramme øvst i den nye spalta.

tip

Du set inn eit spalteskift ved å trykkja + Shift + Enter.


Sideskift

Set inn eit manuelt sideskift. Teksten som står til høgre for skrivemerket vert flytt til byrjinga av neste side. Sideskiftet vert vist som ein strek øvst på den nye sida (streken vert ikkje skriven ut).

tip

Du kan også setja inn eit sideskift ved å trykkja på + Enter. Dersom du ønskjer å bruka ein annan sidestil på den neste sida, må du bruka menykommandoen for å setja inn eit manuelt sideskift.


Sidestil

Vel sidestilen for sida som kjem etter det manuelle sideskiftet.

tip

For å byta mellom liggjande og ståande retning, vel Standard sidestil for å bruka ståande retning eller stilen Liggjande for å bruka liggjande retning.


Endra sidetal

Gjev sida som kjem etter det manuelle sideskiftet eit bestemt sidetal. Dette er berre mogleg dersom du gjev ein annan sidestil til sida etter det manuelle sideskiftet.

Sidetal

Skriv inn sidenummeret for sida som kjem etter det manuelle sideskiftet.

note

Du kan visa eit manuelt sideskrift ved å velja Vis formateringsmerke.


Støtt oss!