LibreOffice 7.5 Hjelp
Viser eller gøymer gøymde avsnitt. Denne innstillinga påverkar berre skjermvisinga av gøymde avsnitt, ikkje utskrifta.
Du slår på denne funksjonen ved å velja → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkja av i Gøymde avsnitt i feltet Vising av.
Bruk feltkommandoen «Gøymde avsnitt» for å tildela eit vilkår som må oppfyllast for å gøyma eit avsnitt. Viss vilkåret ikkje er oppfylt, vert avsnittet vist.
Når du gøymer eit avsnitt, vert også fotnotar og rammer som er forankra til teikn i avsnittet gøymde.