Feltnamn

Byt mellom å visa feltnamn og feltinnhald i visinga av felt. Dersom det er kryssa av her, vert feltnamna viste. Viss ikkje, vert innhaldet vist. I nokre tilfelle kan ikkje feltinnhaldet visast.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Vis → Feltnamn.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Feltnamn i menyen Vis i fana Vis.

Frå verktøylinjer:

Ikon Feltnamn

Feltnamn

Frå tastaturet:

+ F9


Viss du vil endra standardinnstilinga for eit felt til å visa feltnamn i staden for feltinnhald, vel du → LibreOffice Writer → Vis og kryssar av i feltet Feltkodar under Vising.

Når du skriv ut eit dokument og Vis → Feltnamn er slått på, vert du spurd om du vil ha med feltnamnet i utskrifta.

Støtt oss!