Redigera bolkar

Endrar eigenskapane til dei valde bolkane i dokumentet. Viss du vil setja inn ein bolk, kan du merkja teksten eller klikka i dokumentet og velja Set inn → Bolk.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Bolkar


Dialogvindauget Rediger bolkar liknar dialogvindauget Set inn → Bolk, men inneheld desse elementa i tillegg:

Utval

Skriv inn namnet på bolken du vil redigera, eller trykk på eit namn i lista over bolkar. Viss skrivemerket er i ein bolk, vert namnet på bolken vis til høgre på statuslinja nedst i dokumentvindauget.

Den gjeldande skrivevernstatusen for bolken vert vist med eit låssymbol framføre namnet på bolken i lista. Ein open hengelås betyr at bolken ikkje er skriveverna og ein lukka hengelås viser at den er skriveverna. På tilsvarande måte viser eit brillesymbol at bolken er synleg.

Val

Opnar dialogvindauget Val der du kan endra på spalteoppsettet, bakgrunnen, fotnotane og sluttnotane i den valde bolken. Viss bolken er passordverna, må du først skriva inn passordet.

Fjern

Fjernar den merkte bolken frå dokumentet og set innhaldet frå den inn i dokumentet.

Støtt oss!