LibreOffice 7.5 Hjelp
Rediger det valde stikkordet. Trykk framføre eller på stikkordet og vel denne kommandoen.
For å setja inn ei indeksoppføring, merk eit ord i dokumentet og vel så
Rediger det valde stikkordet.
Viser kva slags register den valde oppføringa høyrer til. Du kan ikkje endra registertypen til ei oppføring i dette dialogvindauget. I staden må du sletta oppføringa frå dokumentet og setja ho inn att med ein annan registertype.
Om det er ønskjeleg, kan du her endra stikkordet. Viss du endrar stikkordet, vil den nye teksten berre finnast i registeret og ikkje erstatta dokumentteksten stikkordet er kopla til. For eksempel kan du setja inn eit stikkord med merknaden «grunnleggjande, sjå òg generelt».
For å laga eit register med fleire nivå, skriv du inn namnet på hovudoppføringa eller vel eit namn frå lista. Den gjeldande oppføringa vert lagd til nedføre dette namnet.
Skriv inn namnet på det andre nivået eller vel eit namn frå lista. Den gjeldande oppføringa vert lagd til nedføre dette namnet.
Endrar disposisjonsnivået for ein post i ei innhaldsliste.
Fjernar det valde stikkordet frå registeret. Stikkordteksten i dokumentet vert ikkje sletta.
Går til det første indekselementet av same type i dokumentet.
Sluttpil, venstre
Går til det siste indekselementet av same type i dokumentet.
Sluttpil, høgre
Går til det førre indekselementet av same type i dokumentet.
Pil venstre
Går til det neste indekselementet av same type i dokumentet
Pil høgre
Du kan snøgt gå til eit stikkord med navigasjonslinja.