LibreOffice 25.2 Hjelp
Redigerer det valde fotnote- eller sluttnotemerket. Trykk framføre fotnoten eller sluttnoten og vel denne kommandoen.
Du kan redigera teksten i ein fotnote eller ein sluttnote ved hjelp av datamusa ved å klikka i fotnoteområdet nedst på ei side eller i sluttnoteområdet på siste sida i dokumentet.
For å raskt å gå til teksten i ein fotnote eller ein sluttnote, kan du klikka på ankeret for noten i dokumentet. Du kan også setja musepeikaren framføre eller etter fotnote- eller sluttmerket i dokumentet og trykkja KommandoCtrl + Shift + Page Down. Du går tilbake til fotnote- eller sluttnotemerket ved å trykkja Page Up.
Vel kva type nummerering som skal nyttast for fotnotar og sluttnotar.
For å endra formatet til eit fot- eller sluttnoteanker eller ein tekst, merk teksten og vel deretter Cmd + TF11 for å opna vindauget Stilhandsamar og der endra stilen for fotnotar og sluttnotar.
. Du kan også trykkja påVel typen note du vil setja inn, altså fotnote eller sluttnote. Ein fotnote vert sett inn nedst på den gjeldande sida, medan ein sluttnote vert sett inn nedst på den siste sida i dokumentet.
Gjer ein sluttnote om til ein fotnote.
Gjer ein fotnote om til ein sluttnote.
Gå til førre fotnote- eller sluttnotemerke i dokumentet.
Førre fotnote
Gå til neste fotnote- eller sluttnotemerke i dokumentet.
Neste fotnote