LibreOffice 25.2 Hjelp
Opnar eit dialogvindauge der du kan endra eigenskapane til eit felt. Klikk framføre feltet og vel så denne kommandoen. I dialogvindauget kan du bruka pilknappane til å flytta til førre eller neste felt.
Du kan også dobbeltklikka i eit felt i dokumentet for å opna feltet for redigering.
Du kan byta mellom vising av feltnamn og feltinnhald i dokumentet ved å bruka Vis → Feltnamn.
Viss du vel ei DDE-lenke i dokumentet og så vel , vert dialogvindauget Rediger lenker opna.
Viss du klikkar framføre eit «avsendar»-felt kan du opna dialogvindauget Brukarinformasjon ved å velja .
Viser felttypen du redigerar.
Desse dialogvindauga er berre synlege når tilhøyrande felttype er vald.
Viser vala for feltet, for eksempel «Fast innhald». Viss du vil, kan du trykkja eit anna val for den valde felttypen.
Vel format for feltinnhaldet. For dato- og tid-felt og sjølvvalde felt kan du også velja format frå «Tilleggsformat» i lista. Kva format som er tilgjengelege er avhengig av kva felttype som vert redigert.
Viser forskyvinga for den valde felttypen, for eksempel for feltet «Neste side», «Sidetal» eller «Førre side». Du kan skriva inn ein ny verdi for forskyving, som vil verta lagt til det viste sidetalet.
Viss du vil endra det faktiske sidetalet, men ikkje det sidetalet som vert vist, må du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bør heller endra sidetal slik det er omtalt i rettleiinga om Sidetal.
Vel overskrifta som skal visast i høve til det gjevne formatet. Den første overskrifta før feltet med disposisjonsnivå som er lik eller mindre enn det gjevne disposisjonsnivået er vald. Dette alternativet er berre tilgjengeleg for felttypane
(dokument) og (variabel).Viser namnet til ein feltvariabel. Du kan skriva inn eit nytt namn om ønskjeleg.
Viser den gjeldande verdien til ein feltvariabel. Du kan skriva inn ein ny verdi om ønskjeleg.
Viser vilkår som må vera oppfylte for at feltet skal verta slått på. Du kan skriva inn eit nytt vilkår om du vil.
Endra feltinnhaldet som vert vist slik at det er avhengig av om vilkåra som er gjevne for feltet, er oppfylte eller ikkje.
Set inn eller endra referanseteksten for det valde feltet.
Viser namnet på makroen som er knytt til det valde feltet.
Viser plasshaldarteksten for det merkte feltet.
Viser teksten som er knytte til eit vilkår.
Viser formelen i eit formelfelt.
Vel ein registrert database som du vil setja inn det merkte feltet frå. Du kan også endra tabellen eller spørjinga som det markerte feltet viser til.
Viser databasepostnummeret som vert set inn når vilkåret som er skrive inn for felttypen «Vilkårleg post», er oppfylt.
Går til det førre feltet av same type i dokumentet. Denne knappen er berre slått på når eit dokument inneheld meir enn eitt felt av same type.
Førre felt
Går til det neste feltet av same type i dokumentet. Denne knappen er slått på berre når eit dokument inneheld meir enn eitt felt av same type.
Neste felt