LibreOffice 7.6 Hjelp
Lag, rediger eller set inn autotekst. Du kan lagra formatert tekst, tekst med bilete, tabellar og felt som autotekst. Dersom du vil setja inn tekst effektivt, trykk snøggtasten for autotekst og så «F3».
Du kan også å trykkja pila ved sida av knappen Autotekst på verktøylinja Set inn og så velja autoteksten du vil setja inn.
Dialogvindauget Autotekst viser kategoriar og element for autotekst.
Viser eit forslag til ei ordfullføring som eit hjelpetips når du har skrive inn tre bokstavar som svarar til dei tre første bokstavane i ei oppføring for autotekst. Trykk Enter for å godta forslaget som vert vist. Viss det finst meir enn éi oppføring for autotekst som gjev samsvar med bokstavane du skreiv inn, kan du trykkja KommandoCtrl + Tabulator for å sjå gjennom alle forslaga. Om du for eksempel vil setja inn ordet «ordfullføring» kan du skriva «ord» og trykkja Enter.
For å visa lista i omvendt rekkjefølgje, trykk KommandoCtrl + Shift + Tabulator.
Viser namnet på den valde autoteksten. Skriv inn namnet på den nye autotekstposten og trykk på autotekstknappen og vel Ny dersom du har merkt tekst i dokumentet.
Viser snarvegen til den valde autoteksten. Om du lagar ein ny autotekst, skriv inn snarvegen du vil bruka for oppføringa.
Viser ei liste med autotekst-kategoriane. Dobbeltklikk på kategoriane eller klikk på plussteiknet (+) framføre kategoriane for å visa postane. For å setja inn ei oppføring for autotekst i det gjeldande dokumentet, merkjer du oppføringa i lista og trykkjer Set inn.
Du kan dra og sleppe oppføringar for autotekst frå ein kategori til ein annan.
Set den valde autoteksten inn i det gjeldande dokumentet.
Dersom du set inn ein uformatert autotekst inn i eit avsnitt, vil oppføringa verta formatert med stilen som er sett for avsnittet.
Trykk for å visa fleire autotekstkommandoar, for eksempel for å laga ein ny autotekst frå merkt tekst i dokumentet.
Lagar ei ny autotekstoppføring frå den merkte teksten i dokumentet. Oppføringa vert lagt til den valde autotekstkategorien.
Lagar eit nytt autotekstelement med berre den markerte teksten i det gjeldande dokumentet. Grafikk, tabellar og andre objekt vert ikkje tekne med. Du må skriva inn eit namn før du kan sjå denne kommandoen.
Kopierer den valde autoteksten til utklippstavla.
Byter ut innhaldet i den valde autoteksten med den merkte teksten i dokumentet.
Opnar dialogvindauget Endra namn på autotekst der du kan endra namnet på den valde oppføringa for autotekst.
Opnar den valde autoteksten for redigering i eit eige dokument. Gjer dei endringane du vil, vel Fil → Lagra autotekst og så Fil → Lukk.
Opnar dialogvindauget Tildel makro der du kan knytte ein makro til den valde oppføringa for autotekst.
Du kan også bruka makroane som er knytt til nokre av dei tilgjengelege oppføringane for autotekst i nye oppføringar for autotekst du lagar sjølv. Då må nye oppføringar for autotekst verta laga ved hjelp av valet «berre tekst». Du kan for eksempel setja inn strengen <field:company> i ei oppføring for autotekst. LibreOffice vil då erstatta strengen med innhaldet i det tilsvarande databasefeltet.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja 97/2000/XP Word-dokumentet eller -malen som inneheld autotekstoppføringane du vil importera.
Legg til, endra namn på eller slett autotekstkategoriar.
Legg til, endra namn på eller slett autotekstkategoriar.
Viser namnet på den valde autotekstkategorien. For å endra namnet på kategorien må du skrive inn eit nytt namn og trykkja på Endra namn. For å oppretta ein ny kategori må du skriva inn eit nytt namn og trykkja på Ny.
Viser stien til mappa der dei valde autotekstkategorifilene vert lagra. Om du opprettar ein autotekstkategori må du velja kvar kategorifilene skal lagrast.
Lagar ein ny autotekstkategori med namnet du skreiv i Namn-feltet.
Endrar namnet på den valde autotekstkategorien til namnet du skriv i Namn-feltet.
Viser eksisterande autotekstkategoriar og stiane som høyrer til.
Opnar dialogvindauget Vel stiar der du kan velja mappa du vil lagra autotekst i.
Du kan leggja til ein ny sti til ei autotekstmappe ved å trykkja knappen Sti i dialogvindauget Autotekst.
Her vel du korleis LibreOffice set inn lenkjer til autotekstmappa.
Lenkjene til autotekstkatalogane på maskina er relative.
Lenkjer til filer på Internett er relative.