Navigering

Dersom du trykkjer på denne knappen i dokumentstrukturen eller nede til høgre i dokumentvindauget, får du sjå ei verktøylinje der du kan velja mellom måla i dokumentet. Du kan då bruka pilknappane til å plassera skrivemerket i dokumentet ved det førre eller neste målet.

Trykk på «Opp»-knappen for å gå til førre side eller objekt.

Trykk på «Ned»-knappen for å gå til neste side eller objekt.

Som standard, og så lenge du har ikkje vald eit anna element, kan du bruka knappane med piler på til å hoppa til førre eller neste side i dokumentet. Pilene på knappane er svarte når du blar gjennom sider, og blå viss du hoppar til andre objekt.

Oppføringane er stort sett dei same som du finn i valboksen Dokumentstruktur. Du kan også velja andre typar mål du vil gå til. Eit eksempel er påminningane, som du kan setja inn med knappen Sett påminning i dokumentstrukturen. Du kan velja eit objekt mellom dei følgjande vala på verktøylinja Dokumentstruktur: Tabellar, tekstrammer, bilete, OLE-objekt, sider, overskrifter, påminningar, teikneobjekt, kontrollfelt, bolkar, bokmerke, utval, fotnotar, merknadar, stikkord, tabellformlar og feil i tabellformlar.

Påminningane vert gjennomgått i den rekkjefølgja dei er laga.

Når det gjeld tabellformlar, kan du anten hoppa til alle tabellformlane i dokumentet, eller berre til tabellformlar med feil. Når det gjeld formlar med feil, kan du berre hoppa til formlar som har ført til feil. Programmet hoppar over formlar med feil som kjem av feil i andre formlar (det vil seia formlar som viser til andre formlar med feil).

Slik brukar du verktøylinja dokumentstruktur

Du opnar verktøylinja Dokumentstruktur ved å trykkja knappen øvst i visingsfeltet for dokumentstrukturen. Du kan også flytta verktøylinja til ein annan stad ved å bruka dra og slepp.

Trykk knappen for objekttypen du vil sjå på. Trykk deretter ein av pilknappane for «Førre objekt» eller «Neste objekt». Namnet på desse knappane viser kva objekttype du har vald. Nå vert skrivemerket plassert på det førre eller neste objektet av typen du har vald.

Tipsikon

Du kan setja opp dokumentstrukturen i LibreOffice slik du sjølv ønskjer å navigera i eit dokument. Dette gjer du med menyvalet Verktøy → Tilpass. Dei ulike tabellane for å tilpassa menyar, tastaturinnskriving og verktøylinjer inneheld mange funksjonar for å kunna navigera i dokumentet i området «Dokumentstruktur». På denne måten kan du hoppa til indeksmerke i dokumentet med funksjonane «Til neste/førre indeksmerke».


Gjenta søk

Med knappen Gjenta søk på verktøylinja Navigering kan du gjenta eit søk som du har starta med dialogvindauget Søk og erstatt. Trykk knappen for å søkja etter neste førekomst. Nå vil dei blå pilknappane i det loddrette rullefeltet verta tildelte funksjonane Søk vidare framover og Søk vidare bakover. Bruk desse pilknappane til å halda fram søket som er spesifisert i dialogvindauget «Søk og erstatt».

Støtt oss!