Navigator

Viser eller gøymer dokumentstrukturen, der du kan hoppa raskt til ulike delar av dokumentet. Dokumentstrukturen er også tilgjengeleg som eit felt i sidepanelet. Du kan òg bruka dokumentstrukturen til å setja inn element frå andre opne dokument eller til å handsama hovuddokument. Dersom du vil redigera eit element i dokumentstrukturen, høgreklikkar du og vel ein funksjon frå sprettoppmenyen. Dersom du vil, kan du setja fast dokumentstrukturvindauget i kanten på arbeidsområdet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Dokumentstruktur.

På verktøylinja Standard, trykk

Ikon

Vis/gøym dokumentstruktur


Du kan opna dokumentstrukturen ved å bruka Vis → Dokumentstruktur (F5). Du kan flytta dokumentstrukturvindauget ved å dra tittellinja. Du kan festa vindauget ved å trykkja på tittellinja og dra vindauget til venstre eller høgre kant eller til botnen av arbeidsområdet. Viss du vil løysa vindauget igjen, hald nede og dobbeltklikk på eit grått område i dokumentstrukturen.

Trykk på plussteiknet (+) (eller pila) ved sida av ein kategori i dokumentstrukturen for å visa elementa i kategorien. For å sjå talet på element i ein kategori, kan du la musepeikaren kvile over kategorien i dokumentstrukturen. For å gå til eit element i dokumentet, kan du dobbeltklikka på elementet i dokumentstrukturen.

Du kan gå til førre eller neste element i eit dokument ved å bruka Naviger ved hjelp av for å velja elementkategori og deretter trykkja på pil opp eller pil ned.

Naviger ved hjelp av

Bruk utvalsboksen for å velja kva elementtype som du vil gå til ved å bruka knappane for førre og neste.

Førre

Gå til det førre elementet i dokumentet slik det er spesifisert i Naviger ved

Ikon Førre objekt

Førre element

Neste

Gå til det neste elementet i dokumentet slik det er spesifisert i Naviger ved

Ikon Neste objekt

Neste element

Sidetal

Skriv inn sidenummeret du vil gå til og trykk Enter..

Innhaldsvising

Byt mellom vising av alle kategoriar i dokumentstrukturvindauget og berre den valde kategorien.

Sprettoppmenyane viser ei samling av kommandoar funne i denne hjelpesida. Kva kommandoar som vert viste i menyen er avhengig av kva kategori eller element som er vald.

Ikon Bytt vising av innhald

Byt innhaldsvising

Ikon

Kategori

Sprettoppmeny

Ikon Overskrift

Overskrifter

Fald saman/utvid alle, S>end disposisjonen til utklippstavlaFalding av disposisjonenDispososjonssporingDisposisjonsnivå

Overskriftselement

Fall saman/utvid alle, Gå til, Vel, Slett, Fremja kapittel, Reduser kapittel, Fremja nivå, Reduser nivå, Vis disposisjonsinnhaldet, Disposisjonssporing, Disposisjonsnivå

Tabell-ikon

Tabellar

Tabellelement

Gå til, vel, rediger, slett, gjev nytt namn

Ikon Rammer

Rammer

Bileteikon

Bilete

Ikon for OLE-objekt

OLE-objekt

Ikon for bokmerke

Bokmerke

Ramme-, bilete-, OLE-objekt-, bokmerke-element

Gå til, rediger, slett, gjev nytt namn

Utvalsikon

Bolkar

Bolkelement

Gå til, vel, rediger, gjev nytt namn

Hyperlenkjeikon

Hyperlenkjer

Hyperlenkjeelement

Gå til, rediger, slett, gjev nytt namn

Referanseikon

Referansar

Indeksikon

Register

Referansar, registerelement

Gå til

Merknadsikon

Merknadar

Vis alt, gøym alt, slett alt

Merknadselement

Gå til, rediger, Slett

Ikon for teikneobjekt

Teikneobjekt

Element for teikneobjekt

Gå til, rediger, slett, gjev nytt namn

Alle

Dramodus, Vis


note

Ein gøymd bolk i eit dokument vert vist med grå farge i Dokumentstruktur og viser teksten «Gøymd», når du lèt musepeikaren kvila over han. Det same gjeld for innhaldet i topp- og botntekstar i sidestilar som ikkje er brukte i eit dokument, gøymt innhald i tabellar, tekstrammer, bilete, OLE-objekt og register.


Slå hovudutforminga av/på

Byter mellom hovudvising og normal vising dersom eit hovuddokument er ope.

Ikon slå vising av hovudsida av eller på

Slå hovudutforminga av/på

Topptekst

Flyttar skrivemerket til toppteksten eller frå toppteksten til tekstområdet i dokumentet.

Ikon Overskrift

Topptekst

Botntekst

Flyttar skrivemerket til botnteksten eller frå botnteksten til tekstområdet i dokumentet.

Ikon Botntekst

Botntekst

Anker <-> Tekst

Vekslar mellom fotnoteteksten og fotnoteankeret.

Ikon Anker <-> Tekst

Anker <-> Tekst

Vel påminning

Trykk her for å setja inn ei påminning ved peikaren. Det er råd å setja inn opp til fem slike påminningar. Du kan gå til ei påminning ved å trykkja knappen Dokumentstruktur for å opna vindauget «Dokumentstruktur». Her trykkjer du på knappen «Påminning» og deretter «Førre» eller «Neste».

Ikon Set påminning

Vel påminning

note

Påminningar vert gjennomgått i den rekkjefølgja dei er laga. Dei vert ikkje lagra når dokumentet vert lukka.


Disposisjonsnivå

Ikon Disposisjonsnivå

Disposisjonsnivå

Trykk her for å velja talet på disposisjonsnivå med overskrifter som skal visast i dokumentstrukturvindauget. Du finn òg denne kommandoen når du høgreklikkar på ei overskrift i dokumentstrukturen.

1-10

Trykk på 1 om du berre vil sjå overskriftene på toppnivå i dokumentstrukturvindauget. Trykk på 10 om du vil sjå alle overskriftene.

Listeboks

Viser eller gøymer Dokumentstruktur-lista.

Ikon Listeboks på/av

Vis/gøym liste

Eitt nivå opp

Hevar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre heva disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede -tasten.

Ikon Eitt nivå opp

Flytt eitt nivå opp

Eitt nivå ned

Senkar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre senka disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede -tasten.

Ikon Eitt nivå ned

Flytt eitt nivå ned

Flytt kapittelet eitt nivå opp

Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, opp ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede -tasten og trykk på dette ikonet.

Ikon Eitt kapittel opp

Kapittel opp

Flytt kapittelet eitt nivå ned

Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, ned ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede -tasten og trykk på dette ikonet.

Ikon Kapittel ned

Kapittel ned

tip

Du kan endra rekkjefølgja på overskrifter og tilhøyrande avsnitt ved å velja kategorien «Overskrifter» og så trykkja Innhaldsvising. Nå kan du bruka dra og slepp til å omorganisera innhaldet.


Dramodus

Vel alternativ for innsetjing av element ved å dra og sleppa frå dokumentstrukturen til eit dokument. Trykk på denne knappen og vel eit alternativ, for eksempel innsetjing som hyperlenkje.

Ikon Dramodus

Dra-modus

Set inn som hyperlenkje

Lagar ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit elementi nn i dette dokumentet. Trykk på hyperlenkja for å gå til elementet som hyperlenkja viser til.

Set inn som lenkje

Set inn element som ei lenkje der du slepp det i dokumentet. Tekst vert sett inn som skriveverna bolkar. Innhaldet til lenkja vert automatisk oppdatert når kjelda vert endra. Trykk Verktøy → Oppdater → Lenkjer for å oppdatera lenkjene i eit dokument manuelt. Det er ikkje mogleg å oppretta lenkjer til grafikk, OLE-objekt, referansar eller register.

Set inn som kopi

Set inn ein kopi av valde element der du slepp det i dokumentet. Det er ikkje mogleg å lage kopiar av grafikk, OLE-objekt, referansar eller register på denne måten.

Opna dokument

Viser alle opne tekstdokument. Vel eit dokument i lista for å visa innhaldet i dokumentstrukturen. Dokumentet som vert vist i dokumentstrukturen er markert med ordet «aktiv» etter namnet i lista.

Du kan også høgreklikka eit element i dokumentstrukturen, velja Vis og så klikka det dokumentet du vil sjå på.

Disposisjonssporing

Set navigatortilstabdeb til disposisjonssporing. Dette gjeld berre for disposisjonselement under Overskrifter i navigatorramma for å visa innhaldet. Du kan sjå, slå på eller endra modus ved å høgreklikka på Overskrifter eller på eit element under overskrifter og velja Disposisjonssporing. Den valde modus vert brukt på heile dokumentet.

I modus Standard og Fokus vil navigatoren automatisk velja den næraste overskrifta framføre markøren.

I Standar-modus vert visinga av disposisjonsoppføringane aldr endra, det vert berre vald ei disposisjonsoppføring.

I Fokus-modus viser navigatoren berre overskriftene på det valde disposisjonsnivået i høve til det neste, høgare disposisjonsnivået. Viss for eksempel ei overskrift på nivå 2 er vald, vert alle nivå 2 under den same nivå 1 overskrifta viste, medan overskrifter på nivå 3 - 10 (under den same nivå 1 overskrifta) er falda saman, altså ikkje viste. Også andre overskrifter som ikkje er under nivå 1, vert falda samane.

Vel Av for å slå av disposisjonssporinga.

Støtt oss!