Laga HTML-dokument

Lagrar fila som eit HTML-dokument, slik at du kan sjå ho i ein nettlesar. Du kan velja å laga ei eiga side når ein overskriftsstil du har laga vert oppdaga i dokumentet. Viss du vel dette alternativet, vert det også laga ei eiga side med lenkjer til alle sidene som vert genererte.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Fil → Send → Lag HTML-dokument


Etterfølgjande nummerering vert lagt til i filnamnet dersom det vert oppretta mer enn eitt enkelt HTML-dokument. Titlane på HTML-sidene vert oppretta ut frå den øvste kapitteloverskrifta.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

«skild av» eller «stilar»

Vel avsnittsstilen for overskrifter som skal markera ei ny HTML-side. Bruk overskriftsstilar for å gjera avsnitt til overskrifter der du vil byrja nye sider i dokumentet.

note

Omgrepet Stilar vert nytta når LibreOffice brukar systemet sin filhentar. Omgrepet skild av vert nytta når LibreOffice brukar det interne filhentarvindauget som gjeve i → LibreOffice → Generelt → Last inn/lagra dialogvindauge → Bruk LibreOffice-dialogvindauge.


Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Lagra

Lagrar fila.

Støtt oss!