LibreOffice 7.6 Hjelp
Opnar dialogvindauget for Brevfletting, der du kan skriva ut og lagra fletta brev.
Når du skriv ut erstattar databaseinformasjonen dei tilsvarande databasefelta (plasshaldarane). Du finn meir informasjon om korleis du set inn databasefelt i fana Database under Set inn → Felt → Fleire felt .
Avgjer talet på datapostar som skal skrivast ut. Det vert skrive ut eitt brev for kvar post.
Prosesserer alle postane frå databasen.
Handsamar berre dei valde postane frå databasen. Dette er berre mogleg om du alt har merkt dei nødvendige postane i databasen.
Bestemmer nummeret til den første posten som skal skrivast ut.
Oppgjev nummeret på den siste posten som skal skrivast ut.
Avgjer om dei fletta breva skal sendast til ein skrivar eller lagrast i ei fil.
Skriv ut dei fletta breva.
Lagrar dei fletta breva i filer.
Trykk for å laga eitt enkelt, stort dokument som inneheld alle datapostar.
Lagar eitt enkelt dokument for kvar datapost.
Lag kvart filnamn ut frå data i ein database.
Brukar innhaldet i det valde databasefeltet som filnamn for det fletta brevet.
Oppgje stien der dei fletta breva skal lagrast.
Opnar dialogvindauget Vel sti
Vel filformatet som dokumentet skal lagrast i.