LibreOffice 25.2 Hjelp
Dette avsnittet inneheld ei oversikt over nokre av dei viktigaste funksjonane og bruksområda til LibreOffice Math.
LibreOffice Math har svært mange operatorar, funksjonar og formateringsverktøy som hjelper deg med å oppretta formlar. Alle desse kan veljast og brukast frå utvalsvindauget. Det finst ei komplett referanseliste og mange eksempel i hjelp.
På same måten som med diagram og bilete vert formlar oppretta som objekt i eit dokument. LibreOffice Math vert automatisk opna når du set inn ein formel i eit dokument. Du kan oppretta, redigera og formatera formelen ved å bruka eit stort utval av førehandsdefinerte symbol og funksjonar.
Dersom du er fortruleg med språket i LibreOffice Math, kan du skriva inn formlar direkte i dokumentet. Skriv for eksempel inn denne formelen i eit tekstdokument: «a sup 2 + b sup 2 = c sup 2». Merk teksten og vel Set inn → Objekt → Formel for å gjera teksten om til ein formatert formel.
Du kan ikkje gjera utrekningar med formlar i LibreOffice Math, for dette programmet er berre laga for å skriva og visa formlar, ikkje gjera utrekningar. Bruk heller rekneark om du vil gjera utrekningar med formlar. Til enkle utrekningar kan du bruka utrekningsfunksjonen i tekstdokument.
Bruk kommandovindauget i LibreOffice Math for å skriva inn og redigera formlar. Du vil etter kvart sjå korleis formelen vil sjå ut i dokumentet. Bruk formelpeikaren på verktøylinja for å halda oversikt over lange og kompliserte formlar. Når denne funksjonen er teken i bruk, vert plasseringa til peikaren i kommandovindauget òg vist i tekstvindauget.
Du kan oppretta dine eigne symbol og importera teikn frå andre skrifttypar. Du kan leggja til nye symbol til basiskatalogen for LibreOffice Math-symbol, eller oppretta eigne katalogar. Mange spesialteikn er òg tilgjengelege.
For å gjere det enklare å arbeida med formlar, er det lagt inn nokre sprettoppmenyar som kjem fram når du høgreklikkar med datamusa. Dette er kanskje spesielt nyttig i kommandovindauget. Sprettoppmenyen inneheld alle kommandoane funne i elementvindauget, men også operatorar osv. som kan setjast inn i formlane med eit museklikk utan at du treng skriva dei inn i kommandovindauget.