LibreOffice 7.4 Hjelp
Verktøylinja inneheld ofte brukte funksjonar.
Aukar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Eit utval av forstørringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen på skrivebordet inneheld også kommandoar for forstørringar.
Minskar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Eit utval av forstørringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen på skrivebordet inneheld også kommandoar for forstørringar.
Visar heile formelen så stort som mogleg når alle elementa skal vera med. Formelen vert auka eller minska så mykje at alle formelelementa kan visast på arbeidsområdet. Den gjeldande forstørringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan få opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. Også sprettoppmenyen på skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.
Denne kommandoen oppdaterer formelen i dokumentvindauget.
Innhaldet i kommandovindauget vert oppdatert automatisk med endringar dersom Oppdater visinga automatisk er slått på.