Vis

Set visingsstorleiken og definerar kva for element som skal vere synlege. Dei fleste kommandoane som du kan skriva inn i vindauget Kommandoar er ogsĂ„ tilgjengelege med eit museklikk dersom du pĂ„ fĂžrehand har opna elementpanelet med Vis→ Element>

Skalering

Forminskar eller forstĂžrrar skjermvisinga av LibreOffice.

Vis stĂžrre

Aukar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist pÄ statuslinja. Eit utval av forstÞrringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen pÄ skrivebordet inneheld ogsÄ kommandoar for forstÞrringar.

Vis mindre

Minskar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist pÄ statuslinja. Eit utval av forstÞrringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen pÄ skrivebordet inneheld ogsÄ kommandoar for forstÞrringar.

Vis alle

Visar heile formelen sÄ stort som mogleg nÄr alle elementa skal vera med. Formelen vert auka eller minska sÄ mykje at alle formelelementa kan visast pÄ arbeidsomrÄdet. Den gjeldande forstÞrringsgraden vert vist pÄ statuslinja. Du kan fÄ opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. OgsÄ sprettoppmenyen pÄ skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.

Oppdater

Denne kommandoen oppdaterer formelen i dokumentvindauget.

Innhaldet i kommandovindauget vert oppdatert automatisk med endringar dersom Oppdater visinga automatisk er slÄtt pÄ.

Oppdater visinga automatisk

Bruk denne kommandoen til Ă„ oppdatera endra formlar automatisk. Dersom du ikkje vel dette, vert formelen berre oppdatert etter at du har trykt pĂ„ Vis → Oppdater eller F9.

Element

Dette er ei liste over operatorar, funksjonar, symbol og formatering som kan setjast inn i ein formel.

Statuslinja

Viser eller gĂžymer statuslinja nedst i vindauget.

Fullskjerm

Viser eller gÞymer menyane og verktÞylinjene i Writer og Calc. Trykk pÄ Fullskjerm eller trykk pÄ Esc-tasten for Ä gÄ ut av fullskjerm-visinga.

StĂžtt oss!