Rediger

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å redigera formlar. I tillegg til dei vanlege funksjonane (for eksempel for å kopiera innhald), finst funksjonar som er spesifikke for LibreOffice Math, slik som å søkja etter plasshaldarar eller feil.

Angra

Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.

Gjenopprett

Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.

Klipp ut

Fjernar og kopierer utvalet til utklippstavla.

Kopier

Kopierer utvalet til utklippstavla.

Lim inn

Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sidan av knappen for å velja format.

Merk alt

Merk alt innhaldet i fila, ramma eller tekstobjektet.

Neste merke

Flyttar skrivemerket til det neste merket (til høgre).

Førre merke

Flyttar skrivemerket til det førre merket (mot venstre).

Neste feil

Flyttar skrivemerket til neste feil (mot høgre).

Førre feil

Flyttar skrivemerket til førre feil (mot venstre).

Støtt oss!