Fil
Denne menyen inneheld generelle funksjonar, som for eksempel «opna», «lagra» og «skriv ut», for arbeid med formeldokument.
Opprettar eit nytt LibreOffice-dokument.
Opnar ei lokal eller ekstern fil eller importerer ei.
Viser ei liste over nyleg opna filer. Trykk på filnamnet for å opna ei fil frå lista.
Hjelper deg med å laga formelle og personlege brev, faksar, saklister, presentasjonar med meir.
Lukk dokumentet utan å avslutta programmet.
Lagra dokumentet på ein annan plass, med eit anna filnamn eller som ein annan filtype.
Lagrar alle LibreOffice-dokument som er endra.
Vert brukt for å gå tilbake til sist lagra versjon av dokumentet.
Lagrar og organiserer fleire versjonar av dokumentet i same fil. Du kan óg opna, sletta og samanlikna tidlegare versjonar.
Lagra dokumentet med eit anna namn og format.
Sender ein kopi av dokumentet til andre program.
Vis eigenskapane til dokumentet, med statistikk slik som talet på ord og når det vart oppretta.
Skriv ut dokumentet, merkt tekst eller dei sidene du oppgjev. Du kan også setja opp utskriftsval for dokumentet. Utskriftsvala kan variera etter kva skrivar og operativsystem du bruker.
Vel standardskrivar for dokumentet.
Lukkar alle LibreOffice-program og bed deg om å lagra endringane. Denne kommandoen finst ikkje på macOS-system.