Menyar

Menylinja inneheld funksjonar du kan bruka når du arbeider med LibreOffice Math. Her finst ei liste over operatorar og funksjonar for redigering, vising, justering, formatering og utskrift av formlar og objekta i dei. Dei fleste menyvala er berre tilgjengelege når du opprettar eller redigerer ein formel.

Merknadsikon

Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.


Åtvaringsikon

Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.


Fil

Opnar filmenyen

Rediger

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å redigera formlar. I tillegg til dei vanlege funksjonane (for eksempel for å kopiera innhald), finst funksjonar som er spesifikke for LibreOffice Math, slik som å søkja etter plasshaldarar eller feil.

Vis

Denne menyen inneheld kommandoar for å kontrollera visinga av dokumentet på skjermen, endra brukargrensesnittet og få tilgang til sidepanela.

Format

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera formlar.

Verktøy

Bruk denne menyen for å opna og redigera symbolkatalogen eller for å importera ein ekstern formel som ei datafil eller via utklippstavla. Grensesnittet kan tilpassast slik du vil. Du kan òg endra programoppsettet.

Vindauge

Inneheld kommandoar du kan bruka til å endra og visa dokumentvindauge.

Hjelp

Frå «Hjelpmenyen» kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.

Støtt oss!