LibreOffice 25.2 Hjelp
Nokre tekststrengar vert automatisk tolka som operatorar. Det er likevel ikkje alltid du ønskjer dette. Dersom du vil skriva W* (ein bokstav med ein heva asterisk), vert asterisken tolka som ein multiplikasjonsoperator. Skriv den direkte teksten mellom falske doble hermeteikn ("") eller legg til plasshaldarar.
Eksempel:
Ein importert MathType-formel inneheld denne strengen:
W rSup { size 8{*} }
Dersom Math er sett opp til å gjera om importerte MathType-formlar (i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Last inn / lagra → Microsoft Office), vil du sjå formelen med ein plasshaldar i staden for asterisken.
Endra {*} til {} * {} som i denne formelen:
W rSup { size 8{} * {} }
Du kan også bruka W^"*" for å skriva inn teiknet som direkte tekst.
Nokre formlar byrjar med eit =-teikn. Bruk "=" for å skriva inn dette teiknet som direkte tekst.