LibreOffice 7.1 Hjelp
Du kan arbeida med LibreOffice Math utan å bruka musa.
Dersom du vil setja inn ein formel i eit tekstdokument og allereie veit korleis han skal skrivast inn på rett måte, kan du gjera dette:
Skriv inn formelen i teksten
Marker formelen
Vel Set inn → Objekt → Formel.
Dersom du vil bruka grensesnittet i LibreOffice Math til å redigera ein formel, vel du Set inn → Objekt → Formel når ingen tekst er markert.
Skrivemerket vert plassert i kommandovindauget der du kan skriva inn formelen.
Du kan laga dine eigne formlar i elementvindauget. Viss det ikkje er opna frå før, opnar du det frå menyen Vis → Element.
Viss elementvindauget er opna, brukar du tasten F6 for å byta mellom kommandovindauget og elementvindauget.