Bruk av farge på delar av formlar

Bruk kommandoen color for å setja farge på den neste delen av formelen.

Eksemplet nedanfor lagar ein formel der a vert vist med standardfargen (svart) og b vert vist i raudt.

a + color red b

Ver merksam på at kommandoen color berre endrar fargen på formeldelen som kjem like etter. For eksempel, i formelen nedanfor vert berre b vist i raudt, medan c vert vist i svart.

a + color red b + c

Bruk klammeparentesar for å setja farge på fleire delar av formelen. I det neste eksempelet er b og c viste i raudt.

a + color red { b + c }

tip

Ei liste med førehandsdefinerte fargenamn er tilgjengeleg her.


Bruka RGB-fargar

Bruk kommandoen color rgb for å leggja til fargar ved å bruka RGB-verdiar (raud, grøn, blå).

color rgb 192 0 128 var

note

RGB-verdiane går frå 0 til 255.


Bruka av hex-notasjon

Bruk kommandoen color hex for å leggja til fargar ved å bruka heksadesimal notasjon.

color hex C00080 var

Kombinera farge med andre kommandoar

Det er mogleg å kombinera fargekommandoen med andre kommandoar, som bold, italic eller size.

Eksempelet nedanfor skriv var i halvfeit blå skrift:

color blue bold var

For å endra farge og skriftstorleik brukar du color kombinert med size og den ønskte skriftstorleiken.

color blue size 20 var

Førehandsdefinerte fargenamn

LibreOffice har eit sett med førehandsdefinerte fargenamn som kan brukast saman med kommandoen color.

Markup language

Farge

Hex-verdi

RGB-verdiar

aqua eller cyan

Cyanblå

00FFFF

rgb(0, 255, 255)

black

Svart

000000

rgb(0, 0, 0)

blue

Blå

0000FF

rgb(0, 0, 255)

coral

Korallraud

FF7F50

rgb(255, 127, 80)

crimson

Karmosinraud

DC143C

rgb(220, 20, 60)

fuchsia or magenta

Magentaraud

FF00FF

rgb(255, 0, 255)

grå

Grå

808080

rgb(128, 128, 128)

green

Grøn

008000

rgb(0, 128, 0)

hotpink

Halvmørk rosa

FF69B4

rgb(255, 105, 180)

indigo

Indigoblå

4B0082

rgb(75, 0, 130)

lavender

Lavendelblå

E6E6FA

rgb(230, 230, 250)

lime

Grasgrøn

00FF00

rgb(0, 255, 0)

maroon

Raudbrun

800000

rgb(128, 0, 0)

midnightblue

Midnattsblå

191970

rgb(25, 25, 112)

navy

Marineblå

000080

rgb(0, 0, 128)

olive

Olivengrøn

808000

rgb(128, 128, 0)

orange

Oransje

FFA500

rgb(255, 165, 0)

orangered

Raudoransje

FF4500

rgb(255, 69, 0)

purple

Purpur

0x800080

rgb(128, 0, 128)

red

Raud

FF0000

rgb(255, 0, 0)

seagreen

Sjøgrøn

2E8B57

rgb(46, 139, 87)

silver

Sølvgrå

C0C0C0

rgb(192, 192, 192)

teal

Mørk grønblå

008080

rgb(0, 128, 128)

violet

Fiolett

EE82EE

rgb(238, 130, 238)

yellow

Gul

FFFF00

rgb(255, 255, 0)


Støtt oss!