Justera formeldelar manuelt

Justera teikn i LibreOffice Math på ein snøgg og enkel måte

Du kan oppnå dette ved å oppgje tomme grupper og teiknstrengar. Dei treng ingen plass, men inneheld informasjon som gjer justeringa enklare.

Du kan laga tomme grupper ved å skriva inn krøllparentesar {} i kommandovindauget. I dette eksempelet er målet å laga et linjeskift, slik at plussteikna i dei to linjene kjem på linje med kvarandre, sjølv om den øvste linja inneheld eitt teikn mindre:

a+a+a+{} newline {}{}{}{}{}a+a+a+a

Bruk av tomme teiknstrengar er ein enkel måte å venstrejustera tekst og formlar på. Dei vert definerte ved å bruka doble falske hermeteikn: "" . Pass på at du ikkje brukar andre hermeteikn. Eit eksempel:

"Eit eksempel til." newline a+b newline ""c-d

Støtt oss!