LibreOffice 24.8 Hjelp
Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge for import av formlar.
Dialogvindauget Set inn har same utforminga som dialogvindauget Opna i Fil-menyen. Du kan bruka dialogvindauget Set inn til å lasta inn, redigera og visa ein formel som er lagra som ei fil i kommandovindauget.
Du kan også importera MathML-filer som er laga av andre program. MathML-kjelda må ha eit math-element med ein xmlns-attributt med verdien "http://www.w3.org/1998/Math/MathML". Språka MathML og StarMath er ikkje heilt ut kompatible, så du må gå gjennom importresultata. Du kan finna meir om språket MathML i specification.
Denne kommandoen omformar MathML frå utklippstavla til StarMath og set det inn ved markøren.
Dersom omforminga feilar, vert ingenting sett inn.
Denne kommandoen handsamarberre MathML-innhald. Viss du har kopiert ein LibreOffice Math-formel til utklippstavla, set han inn med kommandoen Lim inn under Rediger.