LibreOffice 25.2 Hjelp
Her kan du leggja til symbol til eit symbolsett, endra symbolsett eller endra skrivemåten på symbol. Du kan òg laga nye symbolsett, namngje symbol eller endra eitt av symbolsetta som alt finst.
Gje namn til dette symbolet. Symbolet, namnet og kva sett det høyrer til vertvist til venstre, nedst i dialogvindauget.
Denne nedtrekksboksen inneheld namna på dei gjeldande symbolsetta.Du kan òg velja eit anna symbolsett om du vil.
Vis ei liste over namna på symbola i dette symbolsettet. Vel eit namn frå lista, eller gje namna til eit symbol du nyleg har lagt til.
For å leggja til eit symbol i eit symbolsett, vel du først ei skrift i boksen Skrift og trykkjer eit symbol i symbolruta. I Symbol skriv du inn namnet du vil gje symbolet. I lista Symbolsett vel du eit symbolsett eller skriv inn eit nytt namn for å laga eit nytt symbolsett. Førehandsvisingsruta til høgre viser symbolet du har vald. Trykk Legg til og deretter OK.
For å endra namnet på eit symbol, vel det gamle namnet i lista Gammalt symbol. Skriv deretter inn det nye namnet i Symbol. Kontroller at teiknet som skal ha nytt namn er synleg i førehandsvisingsruta før du trykkjer Endra. Trykk OK.
Listeboksen Symbol inneheld namna på alle symbolsetta som finst. Du kan endra eit symbolsett som finst, eller laga eit nytt.
Viss du vil laga eit nytt symbolsett, skriv du inn det nye namnet du vil bruka i lista Symbolsett og legg til minst eitt symbol. Vel OK for å lukka dialogvindauget. Nå vert det nye symbolsettet tilgjengeleg med det nye namnet.
Viser namnet på den gjeldande skrifta og let deg velja ei anna.
Om du vel ei skrift utan symbol i listeboksen Skrifter, kan du velja eit Unicode-delsett der du kan leggja inn nye eller endra symbol. Når du har vald eit delsett av gjeldande symbol, vert alle symbola som høyrer til delsettet viste i symbollista ovanfor.
Den gjeldande skrifta vert vist. Du kan endra skrift ved å velja ei frå listeboksen
Trykk her for å leggja symbolet som vert vist i høgre førehandsvisingsvindauge til i symbolsettet. Symbolet vert lagra med namnet som vert vist i listeboksen Symbol. Du må oppgje eit namn under Symbol eller Symbolsett for å kunna bruka denne knappen. Du kan ikkje bruka same namn fleire gongar.
Trykk her for å byta ut symbolnamnet i det venstre førehandsvisingsvindauget med det nye namnet som du har skrive inn i listeboksen Symbol. (Det gamle namnet vertvist i listeboksen Gamle symbol)
I dette eksempelet skal me overføra den store bokstaven ALFA frå symbolsettet «Gresk» til symbolsettet «Spesiell». Bruk dei to listene øvst til å velja det gamle symbolsettet (Gresk) og deretter symbolet ALFA. Symbolet vert vist i ruta for førehandsvising til venstre. I lista Symbolsett vel du symbolsettet «Spesiell». Trykk Endra og vel OK. No vert symbolet ALFA vist berre i symbolsettet «Spesiell».
Trykk for å fjerna symbolet du ser i det venstre førehandsvisingsvindauget frå symbolsettet. Du vert ikkje spurd om stadfesting. Om du slettar det siste symbolet i eit symbolsett, vert òg symbolsettet sletta.
Du kan når som helst også velja Avbryt for å lukka dialogvindauget utan å lagra endringane.