Symbol

Opnar dialogvindauget Symbol der du kan velja eit symbol som skal setjast inn i formelen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Symbol

Når du er på verktøylinja, trykk på

Ikon Symbol

Symbol


Symbolsett

Alle symbol er organisert i symbolsett. Vel eit av symbolsetta frå lista. Symbola som høyrer til i settet vert viste i feltet under.

Når du vel eit symbol, vert namnet på den tilsvarande kommandoen vist under lista med symbola, og ei forstørra utgåve av symbolet vert vist til høgre. Ver merksam på at namnet må skrivast inn i kommandovindauget nøyaktig slik det vert vist her (skil mellom store og små bokstavar).

For å setja inn eit symbol, merk det i lista og trykk Set inn. Namnet til den tilsvarande kommandoen vert vist i kommandovindauget.

Rediger

Trykk her for å opna eit dialogvindauge der du kan endra symbol.

Bruk

Tar i bruk dei endra eller valde verdiane utan å lukka dialogvindauget.

Støtt oss!