LibreOffice 24.2 Hjelp
Her kan du velja justeringa av formlar med fleire linjer i tillegg til formlar med fleire element på éi linje. Du lagar formlar som går over fleire linjer ved å skriva NEWLINE i kommando-vindauget.
Vel vassrett justering for formlar som går over fleire linjer.
Justerer dei valde formelelementa mot venstre.
Tekst vert alltid venstrejustert.
Midtstiller dei valde formelelementa.
Justerer dei valde formelelementa mot høgre.
Trykk her for å lagra endringane som standard for alle nye formlar. Du vert spurd om stadfesting før endringane vert lagra.