LibreOffice 24.8 Hjelp
Her kan du avgjera avstanden mellom elementa i formelen. Avstanden vert oppgjeve som prosent av grunnstorleiken under Format → Skriftstorleik.
Du kan bruka Kategori til å velja formelelementet du vil angje avstand for. Dialogvindauget endrar utsjånad etter kva kategori som er vald. Eit førehandsvisingvindauge viser kva avstandar som vert endra gjennom dei ulike boksane.
Her kan du velja kva kategori du vil endra mellomrommet for.
Bestemmer avstanden mellom variablar og operatorar, mellom linjer og mellom rotteikn og rotuttrykk.
Vel mellomrommet mellom variablane og operatorane.
Vel avstanden mellom linjene.
Vel avstanden mellom rotteiknet og rotuttrykket.
Bestemmer avstanden mellom grunnlinja og indeksar med heva og senka skrift.
Vel mellomrommet mellom indeksane i heva skrift.
Vel mellomrommet mellom indeksane i senka skrift.
Bestemmer avstanden mellom brøkstreken og teljaren eller nemnaren.
Vel avstanden mellom brøkstreken og teljaren.
Vel avstanden mellom brøkstreken og nemnaren.
Bestemmer ekstralengda og linjebreidda for brøkstreken.
Vel den overskytande lengda til brøkstreken.
Vel kor tjukk brøkstreken skal vera.
Vel avstanden mellom summeringssymbolet og avgrensingsvilkåra.
Vel mellomrommet mellom summeringssymbolet og den øvre grensa.
Vel mellomrommet mellom summeringssymbolet og den nedre grensa.
Bestemmer avstanden mellom parentesane og innhaldet i dei.
Vel den loddrette avstanden mellom øvre kanten av innhaldet og den øvre kanten av parentesane.
Vel den vassrette avstanden mellom innhaldet og den øvre delen av parentesane.
Skalerer alle typar parentesar. Om du så skriv inn (a over b) i kommando-vindauget, kjem parentesane til å dekkja heile høgda til uttrykket. Til vanleg gjer du dette ved å skriva left (a over b right ).
Justerer den prosentvise overskytande storleiken. Ved 0 prosent er parentesane så store at dei omsluttar argument med same høgd. Dess høgare prosentverdi, dess høgare vert det loddrette mellomrommet mellom innhaldet av parentesane og yttergrensene til parentesane. Dette feltet kan du berre bruka i samband med Skaler alle parentesar.
Bestemmer den relative avstanden mellom elementa i ei matrise.
Vel avstanden mellom matriseelementa i ei rad.
Vel avstanden mellom matriselementa i ein kolonne.
Bestemmer avstanden mellom symbol og variablar
Vel høgda på symbola i forhold til grunnlinja.
Vel minsteavstanden mellom eit symbol og ein variabel.
Bestemmer avstanden mellom operatorar og variablar eller tal.
Vel høgda mellom variablane og øvre kant av operatorane.
Vel den vassrette avstanden mellom operatorane og variablane.
Set inn kantlinjer rundt formelen. Dette valet er spesielt nyttig viss du vil setja inn formelen i ei tekstfil i LibreOffice Writer. Når du vel innstillingar, må du passa på at du ikkje vel 0 som storleik, fordi det då kan vera vanskeleg å visa tekst rundt innsetjingspunktet.
Plasserer den venstre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.
Plasserer den høgre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.
Plasserer den øvre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.
Plasserer den nedre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.
Lagrar endringane som standardinnstillingar for alle nye formlar Du vil få ei tryggingsåtvaring før endringane vert lagra.