Skriftstorleikar

Bruk dette dialogvindauget til å velja skriftstorleik for formelen. Vel ein grunnstorleik, og alle elementa i formelen vil verta skalerte i høve til denne.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Skriftstorleik


Dialogvindauge for skriftstorleik

Grunnstorleik

Alle elementa i ein formel vert skalerte proporsjonalt i høve til grunnstorleiken. Du kan endra grunnstorleiken ved å velja eller skriva inn punktstorleiken (pt) du ønskjer. Du kan også bruka andre måleeiningar eller mål som automatisk vert omgjort til punkt.

Tipsikon

Viss du vil gjera ei varig endring i standardstorleiken som vert brukt i LibreOffice Math (12 pt), må du først velja storleiken du vil bruka (for eksempel 11 pt) og deretter trykka på knappen Standard.


Relative storleikar

I denne delen kan du bestemma relativ storleik for kvar elementtype i høve til grunnstorleiken.

Tekst

Vel tekststorleiken for ein formel i høve til grunnstorleiken.

Register

Vel relativ storleik for ein indeks i ein formel i høve til grunnstorleiken.

Funksjonar

Vel relativ storleik for nan og andre funksjonselement i ein formel i høve til grunnstorleiken.

Operatorar

Vel relativ storleik for matematiske operatorar i ein formel i høve til grunnstorleiken.

Grenser

Vel relativ storleik på grensene i ein formel i høve til grunnstorleiken.

Standard

Lagra endringane som standard for alle nye formlar. Du vert beden om å bekrefta endringane før dei vert lagra.

Dialogvindauge for standardverdiar ved lagring

Støtt oss!