Skrifter

Her kan du velja kva skrifttypar som skal brukast på ulike formelelement.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Skrifter


Dialogvindauge for skrifttype

Skrifter i formlar

Du kan angje skrifter for variablane, funksjonane, tala og innskrive tekst som utgjer elementa i formlar.

Listeboksane i dialogvindauget Skrifter viser ei standardskrift for alle elementa. Du kan byta til ei anna skrift ved å velja Endra og velja elementtypen. Det vert opna eit nytt dialogvindauge. Vel skrifta og eventuelle eigenskapar du vil bruka og trykk OK. For å gjera endringane du har gjort til standardskrift, trykk Standard.

note

Viss du vil merka einskilde delar av teksten med ei anna skrift enn den som vert brukt til resten av teksten, kan du skriva inn skriftkommandoen font i kommandovindauget.


Variablar

Her kan du velja skrift for variablane i formelen. Eksempel: I formelen «x=SIN(y)» er «x» og «y» variablar og får difor skrifta som er vald for variablar.

Funksjonar

Vel skrift for namn og eigenskapar til funksjonar. Eksempel: funksjonen i formelen x=SIN(y) er =SIN( ).

Tal

Her kan du velja skrift for tal i formelen.

Tekst

Her kan du velja skrift for tekst i formelen.

Sjølvvalde skrifter

I denne delen av dialogvindauget Skrifter kan du velja skrifter og bruka dei til å formatera andre tekstkomponentar i formelen. Dei tre grunnleggjande skriftene Seriff, Sans-serif og Fastbreidd er tilgjengelege. Du kan leggja til kva skrifttype som helst i kvar av dei grunnleggjande skriftene som er installerte som standard. Du kan bruka alle skriftene som er installerte på systemet. Vel Endra for å visa ei liste med alle vala.

Disse sjølvvalde skriftene vert brukte viss du vel ei anna skrift ved hjelp av skriftkommandoen «font» i kommandovindauget.

Serif

Du kan velja skrifta som skal nyttast til seriffskriftformatet font serif. Seriffskrift har små «føtter» (tverrstrekar) som vert viste nedst, mellom anna på den store bokstaven A i seriffskrifta Times. Seriffskriftene er ofte nyttige, fordi dei «leier» synet langs ei rett linje, noko som kan gje auka lesefart.

Sans

Vel kva skrift som skal brukast for skrifter utan seriffar (grotesk).

Fast

Vel kva skrift som skal brukast for teikn med fast breidd.

Endra

Trykk på eitt av vala frå denne sprettoppmenyen for å koma til dialogvindauget for skrifter. Der kan du velja skrift og eigenskapar for kvar enkelt formel og for dine eigne skrifter.

Standard

Trykk her for å lagra endringane som standard for alle nye formlar. Trykk Ja etter at du har sjekka endringane.

Dialogvindauge for standardverdiar ved lagring

Støtt oss!