LibreOffice 25.2 Hjelp
Viser ymse matematiske symbol.
Partial
Set inn symbolet for eit partielt differensial. Du kan òg skriva inn partial i kommando-vindauget.
Uendeleg
Set inn symbolet for uendeleg. Du kan òg skriva inn infinity eller infty i kommando-vindauget.
Nabla
Set inn symbolet for ein Nabla-vektoroperator. Du kan òg skriva inn nabla direkte i kommandovindauget.
Det eksisterer
Set inn symbolet for ein eksistensiell kvantifier. Du kan også skriva inn exists direkte i kommando-vindauget.
Det eksisterer ikkje
Set inn symbolet for ein eksistensiell kvantifier. Du kan også skriva inn mptexists direkte i kommando-vindauget.
For alle
Set inn symbolet for allkvantoren «for alle». Du kan også skriva inn forall direkte i kommandovindauget.
Lambda-linje
Set inn symbolet for ei lambda-linje. Du kan også skriva inn lambdabar direkte i kommandovindauget.
Reel del
Set inn symbolet for realdelen av eit komplekst tal. Du kan òg skriva inn re i kommando-vindauget.
Imaginær del
Set inn symbolet for den imaginære delen av eit komplekst tal. Du kan òg skriva inn im i kommando-vindauget.
Weierstrass p
Denne knappen set inn eit symbol for Weierstrass p-funksjonen. Du kan òg skriva inn wp i kommandovindauget.
Ellipse
Denne knappen set inn ein ellipse (tre punktum etter kvarandre). Du kan òg skriva inn dotslow i kommando-vindauget.
Vassrett ellipse (midt på)
Denne knappen set inn ein ellipse (tre punkt etter kvarandre). Du kan òg skriva inn dotsaxis i kommandovindauget.
Loddrett ellipse
Denne knappen set inn ein loddrett ellipse (tre prikkar stilt loddrett). Du kan òg skriva inn dotsvert i kommando-vindauget.
Skråstilt ellipse oppover
Denne knappen set inn ein oppovervend skråstilt ellipse» (tre punkt i ei skrålinje frå nedst til venstre til øvst til høgre). Du kan òg skriva inn dotsup eller dotsdiag i kommando-vindauget.
Nedovervend skråstild ellipse
Denne knappen set inn ein «nedovervend skråstild ellipse» (tre punkt i ei skrålinje frå øvst til venstre og ned mot høgre). Du kan òg skriva inn dotsdown i kommando-vindauget.
Du kan setja inn ein bakvendt epsilon ved å skriva inn backepsilon i kommandovindauget.
Du kan setja inn ein plasshaldar i ein formel ved å skriva inn <?> i kommandovindauget.