Skalering

Her finn du meir detaljerte opplysningar om skalering i LibreOffice Math, saman med nokre eksempel. (Hermeteikna vert brukte berre for å framheva teksten. Dei er ikkje ein del av eksempla.)

Fakultetet er ikkje skalert (eksempel: «fact stack{a#b}» og «fact {a over b}»), men vert justert ut frå grunnlinja eller midtlinja i argumenta.

Også parentesar har alltid ein fast storleik. Dette gjeld også alle symbola som kan brukast som parentesar. Samanlikn «(((a)))», «( stack{a#b#c})» og «(a over b)».

Derimot vert parentesar med «left» eller «right» framføre alltid justerte i høve til argumentet. Sjå «left(left(left(a right)right)right)», «left(stack{a#b#c}right)», og «left(a over b right)».

Nokre eigenskapar har faste storleikar. Du bør ikkje endra desse viss dei vert plasserte over eit breidt symbol.

Åtvaringsikon

Mellomromma i eksempla er nødvendige for å få rett struktur. Ikkje sløyf desse mellomromma når du skriv inn formlar i kommandovindauget.


Støtt oss!