Eigenskapar

Her finn du meir informasjon om eigenskapar i LibreOffice Math.

Eigenskapane acute, bar, breve, check, circle, dot, ddot, dddot, grave, hat, tilde og vec har alltid fast storleik, og vert ikkje breiare (lengre) om dei står over eit breitt symbol. Desse eigenskapane vert som standard midtstilte.

Dei einaste eigenskapane som veks etter kvart som symbolet vert breiare er overline, underline og overstrike.

Tipsikon

I nokre teiknstrengar kan det hende at ei linje som vert sett inn ved hjelp av underline kjem for nær teiknet. I slike tilfelle kan ei tom gruppe løysa problemet: Du kan for eksempel skriva inn underline Q sub {} i staden for underline Q.


Støtt oss!