Indeksar og eksponentar

Her finn du grunnleggjande informasjon om indeksar og eksponentar i LibreOffice Math. Du kan prøva eksempla som er omtalte her, og bruka dei til å forstå skildringa i teksten betre. (Hermeteikna er her brukte berre for å framheva teksten. Dei er ikkje ein del av eksempla.)

Indeksen og eksponenten til eit teikn vert viste over kvarandre, venstrejustert inn mot grunnteiknet. Du kan for eksempel skriva inn a_2^3 eller a^3_2. Begge måtane å skriva inn uttrykket på, gjev det same resultatet. Du kan også skriva 'sub' og 'sup' i staden for '_' og '^'.

Legg likevel merkje til at det ikkje lenger er råd å bruka desse mønstra:

a_2_3

a^2^3

a_2^3_4

Kvar plass for heva/senka skrift ved eit grunnteikn kan berre brukast ei gong. Du må bruka krøllparentesar til å velja korleis resultatet skal visast. Desse eksempla viser korleis dette vert gjort:

a_{2_3}

a^{2^3}

a_2^{3_4}

a_{2^3}^{4_5}

Tipsikon

I motsetnad til andre redigeringsprogram for formlar som brukar «_» og «^» til å visa til det neste teiknet («a_24» viser berre til talet «2»), viser LibreOffice Math til heile talet, namnet eller teksten som føljer etter operatoren. Viss du vil at heva og senka skrift skal visast i ei bestemt rekkjefølgje, kan du skriva inn uttrykket slik: «a_2{}^3» eller «a^3{}_2»


I LibreOffice Math kan du skriva inn tensorar på fleire måtar. I tillegg til notasjonen «R_i{}^{jk}{}_l», som er vanleg i andre program, finst det fleire notasjonar du kan bruka, nemleg «R_i{}^jk{}_l» og «{{R_i}^jk}_l».

Heva og senka skrift til høgre for grunnteiknet kan også venstrejusterast. Du kan bruka dei nye kommandoane «lsub» og «lsup» til dette. Desse to kommandoane verkar på same måten som «sub» og «sup», med den viktige skilnaden at skrifta vert vist til venstre for grunnteiknet. Sjå også «a lsub 2 lsup 3».

Reglane som sikrar at innskrivinga er eintydig og kravet om bruk av parentesar er dei same. I prinsippet kan du oppnå dette ved å skriva inn {}_2^3 a.

Merknadsikon

Kommandoane «sub» og «sup» er også tilgjengelege som «rsub» og «rsup».


Du kan bruka kommandoane «csub» og «csup» til å skriva inn heva og senka tekst like over eller like under eit teikn. Eit eksempel på dette er «a csub y csup x». Det er også mogleg å bruka kombinasjonar som inneheld både indeksar og eksponentar, som i dette eksempelet: «abc_1^2 lsub 3 lsup 4 csub 55555 csup 66666».

Du kan leggja heva og senka tekst til dei fleste unære og binære operatorane. To eksempel på dette er: «a div_2 b a<csub n b +_2 h» og «a toward csub f b x toward csup f y».

Åtvaringsikon

Når du skriv inn desse eksempla i kommandovindauget, må du hugsa å setja inn mellomrom mellom teikna der det er nødvendig.


Støtt oss!