Mengdeoperasjonar

Bruk ulike mengdeoperatorar på teikna i formlar i LibreOffice Math. Dei ulike operatorane vert viste i den nedste delen av elementvindauget. Bruk høgreklikkmenyen i Kommandovindauget for å sjå ei identisk liste over funksjonane. Dei operatorane som ikkje finst i elementvindauget, må skrivast inn manuelt i kommandovindauget. Du kan også skriva inn andre delar av formelen manuelt, sjølv om symbola finst i elementvindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Mengdeoperasjonar

Vel Vis → Element og vel deretter Mengdeoperasjonar frå nedtrekkslista.


Når du klikkar på symbolet Mengdeoperasjonar i elelementvindauget, vert det vist fleire relevante symbol lengst nede i vindauget. Klikk på eit symbol her for å setja det inn i operatoren som er open i kommandovindauget.

Detaljar om mengdeoperasjonane:

er teke med i ikonet

finst i

Bruk knappen til å setja inn mengdeoperatoren finst i med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> in <?> direkte i kommandovindauget.

er ikkje ikkje teke med i ikonet

finst ikkje i

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren finst ikkje i med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> notin <?> direkte i kommandovindauget.

inkluderer ikon

inneheld

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren inneheld med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> owns <?> eller <?> ni <?> direkte i kommandovindauget.

tom ikonsamling

tom mengde

Bruk denne knappen til å setja inn ei tom mengd. Skriv inn emptyset i kommandovindauget for å setja inn ei tom mengd i dokumentet.

Ikonet for snitt

Snitt

Bruk denne knappen til å setja inn to plasshaldarar med mengdeoperatoren snitt av mengder. Det same skjer viss du skriv inn <?> intersection <?>direkte i kommandovindauget.

Ikonet for union

Union

Bruk denne kappen til å setja inn mengdeoperatoren union med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> union <?> direkte i kommandovindauget.

Ikonet for differanse

Differanse

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren differanse. Du kan også skriva inn <?> setminus <?> eller <?> bslash <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for kvotient sett

Kvotientmengde

Bruk denne knappen til å setja inn ein skråstrek for å laga ei kvotientmengd med to plasshaldarar. Du kan skriva inn <?>slash<?> i kommandovindauget for å oppnå det same resultatet.

Ikon for alef

alef

Bruk denne knappen for å setja inn eit kardinaltal. Du kan òg skriva inn aleph i kommandovindauget.

Ikon for delmengd

Underkategori

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren er ei delmengd av. Du kan også skriva inn <?>subset<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for delmengd eller lik

Delmengde eller lik

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren er ei delmengde av eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn<?>subseteq<?>direkte i kommandovindauget.

Ikon for grunnmengd

Grunnmengde

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren er ei grunnmengd av og to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>supset<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for grunnmengd eller lik

Grunnmengde eller lik

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren er ei grunnmengd av eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>supseteq<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for ikkje grunnmengd

ikkje delmengde

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren ikkje delmengde med to plasshaldarar. Om du ønskjer det, kan du i staden skriva inn <?>nsubset<?>.

Ikon for ikkje grunnmengd eller lik

ikkje delmengde eller lik

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren ikkje delmengd eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>nsubseteq<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for ikkje grunnmengd

ikkje grunnmengde

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren ikkje grunnmengd med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>nsupset<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for ikkje grunnmengd eller lik

ikkje grunnmengde eller lik

Bruk denne knappen til å setja inn mengdeoperatoren ikkje grunnmengde eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>nsupseteq<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for mengda av naturlege tal

Mengden naturlege tal

Set inn eit teikn for mengda av naturlege tal. Du kan òg skriva inn setn i kommandovindauget.

Ikon for mengda av heile tal

Mengden heiltal

Set inn eit teikn for mengda av alle heile tal. Du kan òg skriva inn setz i kommandovindauget.

Ikon for mengda av rasjonelle tal

Mengden rasjonelle tal

Set inn eit teikn for mengda av rasjonale tal. Du kan òg skriva inn setq i kommandovindauget.

Ikon for mengda av reelle tal

Mengde av reelle tal

Set inn eit teikn for mengda av reelle tal. Du kan òg skriva inn setr i kommandovindauget.

Ikon for mengda av komplekse tal

Mengden av komplekse tal

Set inn eit teikn for mengda av komplekse tal. Du kan òg skriva inn setc i kommandovindauget.

Åtvaringsikon

Hugs å setja mellomrom mellom verdiar og kommandoar du skriv inn manuelt i kommandovindauget. På denne måten sikrar du at strukturen vert rett.


Støtt oss!