LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan velja mellom fleire innstillingar for å formatera ein LibreOffice Math-formel. Format-innstillingane vert viste i den nedste halvdelen av dialogvindauget for formelelementa. Desse innstillingane er også lista opp i sprettoppmenyen i Kommandovindauget.
Nadanfor finn du ei fullstendig liste over alle tilgjengelege formateringsinnstillingane i LibreOffice Math. Symbolet ved sida av formateringsvalet viser at valet er tilgjengeleg frå elementvindauget (meny Vis → Element) eller gjennom høgreklikkmenyen i Kommandovindauget.
Bokstaven «a» står for plasshaldaren i formelen som du vil tilordna ei bestemt formatering. Du kan bytta ut denne bokstaven med kva som helst annan bokstav du vil bruka.
Heva skrift, venstre
Sett inn heva skrift til venstre for ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>lsup{<?>} direkte i kommandovindauget.
Heva skrift, øvst
Set inn heva skrift rett over ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>csup<?> direkte i kommandovindauget.
Heva skrift, høgre
Set inn heva skrift til høgre for ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>^{<?>} direkte i kommandovindauget eller bruka rsup eller sup.
Loddrett stapel (2 element)
Set inn ein stabel (todelt uttrykk) med to plasshaldarar. Du kan også skriva binom<?><?> direkte i kommandovindauget.
Senka skrift, venstre
Set inn senka skrift til venstre for ein plasshaldar. Du kan også skriva <?>lsub{<?>} direkte i kommandovindauget.
Senka skrift, nedst
Set inn senka skrift like under ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>csub<?> direkte i kommandovindauget
Senka skrift, høgre
Set inn senka skrift til høgre for ein plasshaldar. Du kan i staden skriva inn <?>_{<?>} i kommandovindauget. Du kan også bytta ut understreken i uttrykket med rsub eller sub.
Loddrett stabel (3 element)
Set inn ein loddrett stabel med tre plasshaldarar. Du kan også skriva inn stack {<?>#<?>#<?>} direkte i kommandovindauget.
Lite mellomrom
Set inn eit lite mellomrom mellom ein plasshaldar og neste element. Du kan òg skriva inn ` direkte i kommandovindauget. Kommandoen må stå til venstre eller høgre for eit symbol, ein variabel eller ein fullstendig kommando.
Venstrejustert
Denne knappen venstrejusterer «a» og set inn ein plasshaldar. Du kan også skriva inn alignl<?> direkte i kommandovindauget.
Midtstilt vassrett
Midtstillar «a» vassrett og set inn ein plasshaldar. Du kan også skriva inn alignc<?> direkte i kommandovindauget.
Høgrejustert
Set inn kommandoen for høgrejustering og ein plasshaldar. Du kan også skriva inn alignr<?> direkte i kommandovindauget.
Matrisestapel
Denne knappen set inn ei matrise med fire plasshaldarar. Du kan også skriva inn matrix{<?>#<?>##<?>#<?>} direkte i kommandovindauget. Plasseringa til eit element inne i dette diagrammet vert vist med to koordinat, der den første viser linjenummeret og den andre kolonnenummeret. Du kan bruka kommandovindauget til å utvida matrisen i alle retningar ved å leggja til teikn.
Mellomrom
Denne knappen set inn eit mellomrom eller litt avstand mellom plasshaldarar. Du kan òg skriva inn ~ i kommandovindauget. Kommandoen må koma rett før eller etter eit symbol, ein variabel eit tal eller ein kommando.
Kommandoane alignl, alignc og alignr er svært effektive justeringskommandoar du kan bruka til å
justera teljarar og nemnarar, for eksempel {alignl a}over{b+c}
laga toledda uttrykk eller stablar, for eksempel binom{2*n}{alignr k}
justera elementa i ei matrise, for eksempel matrix{alignr a#b+2##c+1/3#alignl d} og
byrja ei ny linje, for eksempel a+b-c newline alignr x/y
Når du brukar «align»-kommandoane, bør du vera merksam på at
dei kan berre plasserast i byrjinga av uttrykka, og kan brukast berre ei gong i kvart uttrykk. Dette betyr at du kan skriva inn a+b alignr c, men ikkje a+ alignr b
dei påverkar kvarandre, slik at når du skriv inn {alignl{alignr a}}over {b+c}, vert a høgrejustert.
matrix{
alignr sin^2 x + cos^2 x#{}={}#alignl 1 ##
alignr cos^2 x #{}={} #alignl 1 - sin^2 x
}
Viss ei linje eller eit uttrykk byrjar med tekst, vert linja venstrejustert som standard. Du kan endra dette ved hjelp av ein av align-kommandoane. Eit eksempel er stack{a+b-c*d#alignr "tekst"}, der "tekst" vert høgrejustert. Legg merkje til at tekst alltid må stå mellom doble hermeteikn. NB! Viss du brukar andre hermeteikn enn dei som er brukte i dette eksempelet, for eksempel «», vert hermeteikna viste som ein del av teksten.
Formlar vert midtstillte som standard, men du kan venstrejustera dei utan å bruka Format → Juster på menyen. Dette gjer du ved å setja ein tom teiknstreng, det vil seia å setja inn hermeteikna som vert brukte til å omslutta tekst, "", framføre den delen av formelen du vil justera. Du kan for eksempel skriva inn "" a+b newline "" c+d. Då vert begge desse likningane venstrejusterte i staden for midtstilte.
Når du skriv inn informasjon i kommandovindauget, bør du vera merksam på at nokre format krev at du set inn mellomrom for å oppnå rett struktur. Dette gjeld spesielt når du skriv inn verdiar (for eksempel «a lsup{3}») i staden for plasshaldarar.
Trykk Parentesar og gruppering for meir informasjon om formatering i LibreOffice Math.
Sjå også indeksar og eksponentar og om skalering, som forklarar korleis du kan utforma dokument på best mogleg måte.