Attributt

Du kan velja ulike attributt for formlar i LibreOffice Math. Nokre attributt vert viste nedst i elementvindauget. Disse attributta er også lista opp i sprettoppmenyen til Kommandovindauget. Alle attributta som ikkje finst i elementvindauget eller i sprettoppmenyen må skrivast inn manuelt i Kommandovindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Eigenskapar

Vel Vis → Element og vel deretter Eigenskapar frå nedtrekkslista.


Her følgjer ei komplett liste over alle dei tilgjengelege eigenskapane i LibreOffice Math. Symbolet ved sida av eigenskapen viser at han også finst i elementvindauget (vel Vis → Element) eller gjennom sprettoppmenyen (høgreklikk) i Kommandovindauget.

Merknadsikon

I omtalen av eigenskapsfunksjonane, som vert vist nedanfor, er bokstaven «a» i ikonet ein plasshaldar for teiknet du vil tilordna ein bestemt eigenskap. Du kan byta ut denne bokstaven med kva bokstav som helst som du vil bruka.


Eigenskapsfunksjonar

Ikon for akutt-teiknet

Akutt aksent

Set inn ein plasshaldar med ein akuttaksent. Du kan også skrive inn acute <?> i kommandovindauget.

Ikon for gravis-teiknet

Grav aksent

Set inn ein plasshaldar med ein grav aksent (eit gravisteikn). Du kan også skrive inn grave <?> i kommandovindauget.

Ikon for reversert sircumfleks

Omvendt sirkumfleks

Set inn ein plasshaldar med eit omvendt sirkumflekstikn («hake») over. Du kan også skriva inn check <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for brevis-teiknet

Breve-teiknet

Set inn ein plasshaldar med eit breve-aksentteikn. Du kan også skriva inn breve <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for sirkel

Sirkel

Set inn ein plasshaldar med ein sirkel over. Du kan også skriva inn circle <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for vektorpil

Vektorpil

Set inn ein plasshaldar med ei vektorpil. Du kan også skriva inn vec <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for harpunpil

Harpunpil

Set inn ein plasshaldar med ei harpunpil. Du kan også skriva inn harpoon <?> i vindauget Kommandoar.

Ikon for tilde

Tilde

Set inn ein plasshaldar med ein tilde. Du kan også skriva inn tilde <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for sircumfleks

Sirkumfleks

Set inn ein plasshaldar med ein sirkumfleks (ein «hatt»). Du kan også skriva inn hat <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for linje over

Linje over

Set inn ei linje over ein plasshaldar. Du kan også skriva inn bar <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for prikk

Punkt

Set inn ein plasshaldar med eit punkt over. Du kan også skriva inn dot <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for brei vektorpil

Brei vektorpil

Set inn ein plasshaldar med ei brei vektorpil over. Du kan òg skriva widewec i kommando-vindauget..

Ikon for brei harpunpil

Brei harpunpil

Set inn ei brei harpunpil med plasshaldar. Du kan også skriva inn wideharpoon i kommandovindauget.

Ikon for brei tilde

Brei tilde

Set inn ein brei tilde med ein plasshaldar. Du kan òg skriva inn widetilde direkte i kommandovindauget.

Ikon for brei sirkumfleks

Brei sirkumfleks

Set inn ein brei sirkumfleks (ein brei «hatt») med ein plasshaldar. Du kan også skriva inn widehat direkte i kommandovindauget.

Ikon for dobbel prikk

Dobbelt punkt

Set inn ein plasshaldar med to punkt over. Du kan også skriva inn ddot <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for linje over

Linje over

Set inn ei linje over ein plasshaldar. Du kan også skriva overline <?> i Kommandovindauget. Linja justerer seg sjølv til rett lengd.

Ikon for kinje under

Linje under

Set inn ei linje under ein plasshaldar. Du kan også skriva underline <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for gjennomstrek

Linje gjennom (gjennomstreking)

Set inn ein plasshaldar med ei linje gjennom (gjennomstreking). Du kan også skriva inn overstrike <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for trippel prikk

Trippelpunkt

Set inn tre punkt over ein plasshaldar. Du kan også skriva dddot<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for gjennomsikt

Grav aksent

Set inn ein plasshaldar for eit gjennomsiktig teikn. Dette teiknet tar like stor plass som bokstaven «a», men vert ikkje vist. Du kan også skriva inn phantom <?> i kommandovindauget.

Ikon

Halvfeit skrift

Set inn ein plasshaldar som er formatert med halvfeit skrift. Du kan også skriva bold<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Kursivskrift

Set inn ein plasshaldar som er formatert med kursivskrift. Du kan også skriva ital<?> eller italic<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Endra storleik

Set inn ein kommando som endrar skriftstorleiken ved hjelp av to plasshaldarar. Den første plasshaldaren gjeld skriftstorleiken (for eksempel 12) og den andre inneheld teksten. Du bør setja inn eit mellomrom mellom verdiane for å gjera strukturen betre. Du kan også skriva inn size <?> <?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Endra skrift

Set inn ein kommando som endrar skrifttypen ved hjelp av to plasshaldarar. Erstatt den første plasshaldaren med namnet til ei av dei sjølvvalde skriftene, Serif, Sans eller Fast. Erstatt den andre plasshaldaren med teksten. Du kan også skriva inn font <?> <?> direkte i kommandovindauget.

Bruk kommandoen color til å endra fargen som brukast i formelen. Skriv inn color og deretter namnet på fargen du vil bruka. (Du må skriva inn fargenamnet på engelsk. Tilgjengelege fargar er white (kvit), black (svart), cyan (cyanblå), magenta (magentaraud), red (raud), blue (blå), green (grøn) og yellow (gul)). Deretter skriv du inn formelen, teiknet eller teiknrekka. Viss du skriv inn color green size 20 a, vert bokstaven «a» vist i grønt med ein skriftstorleik på 20.

Kommandoane nbold og nitalic fjernar standardvalet for halvfeit eller kursiv skrift i formelkomponentar. Du kan for eksempel fjerna kursiv frå «x» i formelen «5 x + 3=28» ved å skriva inn nitalic framføre «x» slik at formelen ser slik ut: 5 nitalic x + 3=28.

Merknadsikon

Eigenskapane «acute», «bar», «breve», «check», «circle», «dot», «ddot», «dddot», «grave», «hat», «tilde» og «vec» har alle fast storleik. Det er ikkje råd å justera breidd og lengd når desse eigenskapane vert brukte saman med eit breidt symbol.


Viss du vil endra storleiken, kan du bruka size n, +n, -n, *n eller /n, der n er ein plasshaldar. Denne metoden er nyttig når grunnstorleiken som er brukt i formelen kan endrast. Kommandoane size +n og size -n endrar punktstorleiken, og kommandoane size *n og size /n endrar storleiken med ein prosentdel. For eksempel vil kommandoen size *1.17 auka storleiken på eit teikn med nøyaktig 17 %.

Åtvaringsikon

Ver merksam på at nokre oppføringar krev at du set inn mellomrom for å få rett struktur. Dette gjeld spesielt når du vel eigenskapar som brukar faste verdiar i staden for plasshaldarar.


Du kan finna meir om formatering av LibreOffice Math i Parentesar og gruppering.

Informasjon om eigenskapar, indeksar og eksponentar og om skalering kan vera til hjelp for å strukturera dokumenta dine effektivt.

Støtt oss!