LibreOffice 24.2 Hjelp
Du kan velja mellom ulike typar av parentesar for å strukturera ein LibreOffice Math-formel. Dei ulike parentesane vert viste i den nedste delen av elementvindauget. Desse parentesane vert også lista ut i sprettoppmenyen i Kommandovindauget. Alle parentesar som ikkje finst i elementpanelet eller i sprettoppmenyen, kan skrivast inn manuelt i Kommandovindauget.
Nedanfor er ei komplett liste over alle parentestypane. Symbolet ved sida av parentestypen viser at parentesen kan hentast fram via elementvindauget (menyen Vis → Element) eller i sprettoppmenyen i Kommandovindauget.
Bogeparentesar (vanlege parentesar)
Set inn ein plasshaldar i vanlege bogeparentesar. Du kan også skriva inn (<?>) direkte i kommandovindauget.
Hakeparentesar
Set inn ein plasshaldar i hakeparentesar. Du kan også skriva inn [<?>] i kommandovindauget.
Doble hakeparentesar
Set inn ein plasshaldar i doble hakeparentesar. Du kan også skriva inn ldbracket <?> rdbracket direkte i kommandovindauget.
Krøllparentesar
Set inn ein plasshaldar i krøllparentesar. Du kan også skriva inn lbrace<?>rbrace direkte i kommandovindauget.
Enkeltlinjer
Set inn ein plasshaldar mellom loddrette linjer. Du kan også skriva inn lline <?> rline direkte i kommandovindauget.
Doble linjer
Set inn ein plasshaldar mellom doble, loddrette linjer. Du kan også skriva inn ldline <?> rdline direkte i kommandovindauget.
Vinkelparentesar
Set inn ein plasshaldar i vinkelparentesar. Du kan også skriva inn langle <?> rangle direkte i kommandovindauget.
Operatorparentesar
Set inn ein plasshaldar i operatorparentesar. Du kan også skriva inn langle <?> mline <?> rangle direkte i kommandovindauget.
Gruppeparentesar
Set inn gruppeparentesar. Du kan også skriva inn {<?>} direkte i kommandovindauget.
Bogeparentesar (skalerbare)
Set inn skalerbare bogeparentesar med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn left(<?> right) direkte i kommandovindauget.
Hakeparentesar (skalerbare)
Set inn skalerbare hakeparentesar med plasshaldarar. Du kan også skriva inn left[<?> right] i kommandovindauget. Storleiken på parentesane vert justert automatisk.
Doble hakeparentesar (skalerbare)
Set inn skalerbare, doble hakeparentesar med plasshaldarar. Du kan også skriva inn left ldbracket <?> right rdbracket direkte i kommandovindauget. Storleiken på parentesane vert justert automatisk.
Krøllparentesar (skalerbare)
Set inn skalerbare krøllparentesar med ein plasshaldar. Du kan også skriva inn left lbrace <?> right rbrace i kommandovindauget. Storleiken på parentesane vert justert automatisk.
Enkeltlinjer (skalerbare)
Set inn skalerbare, loddrette enkeltlinjer med ein plasshaldar. Du kan også skriva inn left lline <?> right rline i kommandovindauget. Storleiken på linjene vert justert automatisk.
Doble linjer (skalerbare)
Set inn skalerbare, loddrette, doble linjer med ein plasshaldar. Du kan også skriva inn left ldline <?> right rdline i kommandovindauget. Storleiken på linja vert justert automatisk.
Vinkelparentesar (skalerbare)
Set inn skalerbare vinkelparentesar med ein plasshaldar. Du kan også skriva inn left langle <?> right rangle i kommandovindauget. Storleiken på parentesane vert justert automatisk.
Operatorparentesar (skalerbare)
Set inn skalerbare operatorparentesar med plasshaldarar. Du kan også skriva inn left langle <?> mline <?> right rangle i kommandovindauget. Storleiken på parentesane vert justert automatisk.
Øvre krøllparentes (skalerbar)
Set inn ein skalerbar, vassrett øvre krøllparentes med plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> overbrace <?> direkte i kommandovindauget. Storleiken på parentesen vert justert automatisk.
Nedre krøllparentes (skalerbar)
Set inn ein skalerbar, vassrett nedre krøllparentes med plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> underbrace <?> direkte i kommandovindauget. Storleiken på parentesen vert justert automatisk.
Du kan setja inn golvklammer ved å skriva inn lfloor<?>rfloor direkte i kommandovindauget.
Du kan setja inn takklammer ved å skriva inn lceil<?>rceil direkte i kommandovindauget.
Du kan setja inn skalerbare golvklammer ved å skriva inn left lfloor<?>right rfloor direkte i kommandovindauget.
Du kan setja inn skalerbare takklammer ved å skriva inn left lceil<?>right rceil direkte i kommandovindauget.
Storleiken på parentesane vert justert automatisk når du skriv inn left og right framføre kommandoen som vert brukt til å setja inn parentesen, for eksempel left (a over b right). Du kan også velja storleik og avstand for parentesane ved å velja Format → Avstand → Kategori → Parentesar og velja ønskt verdi i prosent. Viss du vil at endringane skal verta brukte på alle parentesane i formelen, kan du merkja av for Skaler alle parentesar.
Du kan også bruka parentesar enkeltvis. Dette kan du gjera ved å skriva inn ein omvendt skråstrek \ framføre kommandoen. Du kan for eksempel skriva inn \[. Då vil du sjå at den venstre hakeparentesen vert vist utan ein samsvarande høgre hakeparentes. Dette er nyttig viss du vil setja inn parentesar som snur feil veg i høve til plasseringa, eller til å laga intervall. Ver merksam på at det berre er ikkje-skalerbare parentesar som kan brukast enkeltvis. Du kan bruka size-kommandoen til å endra storleiken på parentesen.
Eksempel på enkeltparentesar
For ikkje-skalerbare parentesar:
a = \{ \( \[ b newline
{} + c \] \) \ }
For skalerte parentesar kan du bruka none som namn på parentesen.
a = left ( a over b right none newline
left none phantom {a over b} + c right )
Uttrykket phantom syter for at den siste parentesen får korrekt storleik.
Hugs å setja inn mellomrom (tomrom) mellom elementa når du skriv dei inn direkte i kommandovindauget. På denne måten sikrar du at strukturen vert korrekt tolka.
Du kan finna nyttig informasjon om indeksar og eksponentar og om skalering, som forklarar korleis du kan strukturera formlar på ein effektiv måte. Viss du vil ha meir informasjon om parentesar, kan du sjå Parentesar og gruppering.