Funksjonar

Vel ein funksjon i den nedre delen av vindauget. Desse funksjonane er også lista opp i menyen til vindauget Kommandoar. Dei funksjonane som ikkje finst i vindauget «Element» må skrivast inn for hand i vindauget «Kommandoar».

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Funksjonar

Vel Vis → Element og vel deretter Funksjonar frå nedtrekkslista.


Lista nedanfor viser alle funksjonane som finst i vindauget Element. Ikonet ved sida av funksjonen viser at han er tilgjengeleg frå elementvindauget (menyen Vis → Element) eller frå lokalmenyen for Kommandoar.

Liste over funksjonar

Ikon for naturleg eksponent

Naturleg eksponentialfunksjon

Set inn ein naturleg eksponentialfunksjon. Du kan også skriva inn func e^<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon for naturleg logaritme

Naturleg logaritme

Set inn ein naturleg logaritme (base e-logaritme) med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn ln(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for eksponential

Eksponentialfunksjon

Set inn ein eksponentialfunksjon med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn exp(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for logaritme

Logaritme

Set inn ein vanleg logaritme (base 10-logaritme) med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn log(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for potens

Potens

Set inn x opphøgd i y. Du kan også skriva inn <?>^{<?>} i kommandovindauget. Du kan også bytta ut teiknet ^ med rsup eller sup.

Ikon for sinus

Sinus

Set inn ein sinusfunksjon med ein plasshaldar. Du kan også skrive inn sin(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for cosinus

Cosinus

Set inn ein cosinusfunksjon med ein plasshaldar. Du kan også skrive inn cos(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for tangens

Tangens

Set inn ein tangensfunksjon med éin plasshaldar. Du kan også skrive tan(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for cotangens

Cotangens

Set inn eit cotangenssymbol med ein plasshaldar. Du kan også skrive cot(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for hyperbolisk sinus

Hyperbolsk sinus

Set inn ein hyperbolsk sinus med éin plasshaldar. Du kan også skrive sinh(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for kvadratrot

Kvadratrot

Set inn eit kvadratrotteikn med éin plasshaldar. Du kan også skriva sqrt(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for hyperbolisk cosinus

Hyperbolsk sinus

Set inn eit hyperbolsk cosinussymbol med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn cosh(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for hyperbolsk tangens

Hyperbolsk tangens

Set inn eit hyperbolsk tangenssymbol med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn tanh(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for hyperbolsk cotangens

Hyperbolsk cotangens

Set inn eit hyperbolsk cotangenssymbol med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn coth(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for n-te rot

n-te rot

Set inn ei n-te-rot med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn nroot n x i kommando-vindauget.

Ikon for arcsinus

Invers sinus

Set inn ein arcsinus-funksjon med éin plasshaldar. Du kan også skrive arcsin(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for arc cosinus

Invers cosinus

Set inn eit arccosinus-symbol med éin plasshaldar. Du kan også skrive arccos(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for arc tangens

Invers tangens

Set inn ein invers tangensfunksjon med ein plasshaldar. Du kan også skrive inn arctan(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for arc cotangens

Invers cotangens

Sett inn ein invers cotangensfunksjon med éin plasshaldar. Du kan også skrive inn arccot(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for absolutt verdi

Absoluttverdi

Set inn eit absoluttverditeikn med éin plasshaldar. Du kan også skrive inn abs(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for område hyperbolsk sinus

Areal-hyperbolsk sinus

Sett inn ein areal-hyperbolsk sinusfunksjon med ein plasshaldar. Du kan også skrive inn arsinh(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for område hyperbolsk cosinus

Areal-hyperbolsk sinus

Set inn ein areal-hyperbolsk cosinusfunksjon med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn arcosh(<?>) i kommandovindauget.

Ikon for område hyperbolsk tangens

Areal-hyperbolsk sinus

Set inn ein areal-hyperbolsk tangensfunksjon med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn artanh(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for område hyperbolsk cotangens

Areal-hyperbolsk cotangens

Set inn ein areal-hyperbolsk cotangensfunksjon med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn arcoth(<?>) direkte i kommandovindauget.

Ikon for faktoriser

Fakultet

Set inn fakultetsteiknet med éin plasshaldar. Du kan også skriva inn fact <?> direkte i kommandovindauget.

Tipsikon

Du kan også tilordna ein indeks eller ein eksponent til ein funksjon. Du kan for eksempel skriva inn sin^2x for å uttrykkja funksjonen «sinus opphøgd i 2x».


Åtvaringsikon

Når du skriv inn funksjonar manuelt i kommandovindauget, må du vere merksam på at nokre funksjonar må skrivast inn med mellomrom føre og etter (for eksempel «abs 5=5 ; abs -3=3»).


Støtt oss!