LibreOffice 7.6 Hjelp
Du kan velja mellom ulike relasjonar når du strukturerer LibreOffice Math-formlar. Relasjonsfunksjonane vert viste i den nedre delen av vindauget «Formelelement». Dei vert også viste i høgreklikkmenyen for kommandovindauget. Alle relasjonar som ikkje finst i elementvindauget eller i snøggmenyen må skrivast inn manuelt i kommandovindauget.
Nedanfor er ei komplett liste over relasjonar. Symbolet ved sida av namnet på relasjonen indikerer at han kan brukast frå elementvindauget (vel Vis → Element) eller frå høgreklikk-menyen i Kommandovindauget.
er lik
Set inn eit er lik-teikn (=) med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn <?> = <?> i kommando-vindauget.
er ikkje lik
Knappen eller kommandoen neq set inn eit ulikskapsteikn med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> neq <?> i kommandovindauget.
er kongruent med
Set inn teiknet for relasjonen er kongruent med med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?> equiv <?> i kommandovindauget.
er rettvinkla med
Set inn teiknet for ein ortogonal (rettvinkla) relasjon med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?> ortho <?> i kommandovindauget.
er deleleg med
Set inn teiknet deleleg med. Du kan også skriva inn <?> divides <?> i kommandovindauget.
er ikkje deleleg med
Denne knappen set inn teiknet ikkje deleleg med. Du kan også skriva inn <?>ndivides<?> i kommandovindauget.
Mindre enn
Set inn relasjonen er mindre enn. Du kan også skriva inn <?>lt<?> eller <?> < <?> i kommandovindauget.
Større enn
Set inn relasjonen er større enn. Du kan også skriva inn <?> gt <?> eller <?> > <?> i kommandovindauget.
er tilnærma lik
Set inn relasjonen er tilnærma lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> approx <?> i kommandovindauget.
er parallell med
Set inn relasjonen er parallell med med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>parallel<?> i kommandovindauget.
er mindre enn eller lik (skråstilt)
Set inn relasjonen er mindre enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> leslant <?> i kommandovindauget.
er større enn eller lik (skråstilt)
Set inn relasjonen er større enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>geslant<?> i kommandovindauget.
er omtrent lik eller lik
Set inn relasjonen er tilnærma lik eler lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>simeq<?> i kommandovindauget.
er proporsjonal med
Set inn relasjonen er proporsjonal med med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> prop <?> i kommandovindauget.
Mindre enn eller lik
Set inn relasjonen er mindre enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> le <?> eller <?> <= <?> i kommandovindauget.
Større enn eller lik
Set inn relasjonen er større enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> ge <?> eller <?> >= <?> i kommandovindauget.
er omtrent lik
Denne knappen set inn relasjonen er tilnærma lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>sim<?> i kommandovindauget.
går mot
Set inn relasjonen går mot med to plasshhaldarar. Du kan også skriva inn <?> toward <?> i kommandovindauget.
dobbeltpil mot venstre
Set inn den logiske relasjonen pil med ei dobbeltlinje som peikar mot venstre. Du kan òg skriva inn dlarrow i kommando-vindauget.
dobbelpil mot venstre og høgre
Set inn den logiske relasjonen pil med ei dobbeltlinje som peikar mot venstre og høgre med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn dlarrow i kommando-vindauget.
dobbelpil mot høgre
Set inn den logiske operatoren pil med dobbeltlinje som peikar mot høgre med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn drarrow i kommando-vindauget.
kjem før
Set inn den logiske operatoren kjem framføre med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn prec i kommandovindauget.
kjem etter
Set inn den logiske operatoren kjem etter med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn succ i kommandovindauget.
kjem ikkje før
Set inn den logiske operatoren kjem ikkje framføre med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn nprec i kommandovindauget.
kjem ikkje etter
Set inn den logiske operatoren kjem ikkje etter med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn nsucc i kommandovindauget.
kjem før eller er lik
Set inn den logiske operatoren kjem før eller er lik med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn preccurlyeq i kommandovindauget.
kjem etter eller er lik
Set inn den logiske operatoren kjem etter eller er lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn succcurlyeq i kommandovindauget.
kjem før eller er lik
Set inn den logiske operatoren kjem før eller er lik med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn precsim i kommandovindauget.
kjem etter eller er lik
Set inn den logiske operatoren kjem etter eller er lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn succsim i kommandovindauget.
Du kan laga relasjonen er mykje større enn med to plasshaldarar ved å skriva inn <?> gg <?> eller >> i kommandovindauget.
Du kan skriva inn ll eller << i kommandovindauget for å setja relasjonen er mykje mindre enn inn i formelen.
Du kan setja inn relasjonen er definerte som med to plasshaldarar ved å skriva inn <?>def<?>.
Du kan setja inn teiknet for bilete av-samsvar med to plasshaldarar ved å skriva inn <?> transl <?> i kommandovindauget.
Kommandoen <?>transr<?> set inn teiknet for opphavleg av-samsvar med to plasshaldarar.
Når du skriv inn informasjon manuelt i kommandovindauget, bør du vera merksam på at mange operatorar krev at du set mellomrom mellom elementa for å oppnå korrekt struktur. Dette gjeld spesielt viss du brukar verdiar i staden for plasshaldarar. Viss du for eksempel vil laga relasjonen «er mykje større enn», kan du skriva inn 10 gg 1 eller a gg b.