Unære/binære operatorar

Du kan velja mellom fleire ulike unære og binære operatorar for å byggja ein LibreOffice Math formel. Unær viser til operatorar som påverkar éin plasshaldar, medan binær viser til operatorar som påverkar to plasshaldarar. Den nedre delen av elementvindauget viser dei enkelte operatorane. Sprettoppmenyen i Kommandovindauget inneheld også ei liste med desse operatorane og nokre operatorar i tillegg. Viss du treng ein operator som ikkje finst i elementvindauget, kan du bruka høgreklikkmenyen eller skriva han inn direkte i kommandovindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Unære/binære operatorar

Vel Vis → Element og vel deretter Unære/binære operasjonar frå nedtrekkslista.


Her følgjer ei komplett liste over unære og binære operatorar. Symbolet ved sida av operatoren viser at operatoren er tilgjengeleg frå elementvindauget (vel Vis → Element) eller frå sprettoppmenyen i kommandovindauget.

Unære og binære operatorar

Pluss-ikon

Pluss

Set inn eit plussteikn med éin plasshaldar. Du kan også skriva +<?> i kommandovindauget.

Minus-ikon

Minus

Set inn eit minusteikn med éin plasshaldar. Du kan også skriva -<?> i kommandovindauget.

Pluss/Minus-ikon

Pluss/minus

Set inn eit pluss/minus-teikn med éin plasshaldar. Du kan også skriva +-<?> i kommandovindauget.

Minus/Pluss-ikon

Minus/pluss

Set inn eit minus/pluss-teikn med éin plasshaldar. Du kan også skriva -+<?> i kommandovindauget.

Addisjon (pluss)-ikon

Gonging (pluss)

Set inn eit plussteikn med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>+<?> i kommandovindauget.

Multiplikasjon (punkt)-ikon

Gonging (punkt)

Set inn ein punktoperator med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>cdot<?> i kommandovindauget.

Multiplikasjon (×)-ikon

Gonging (x)

Set inn multiplikasjonsteiket «×» med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>times<?> i kommandovindauget.

Multiplikasjon (*)-ikon

Multiplikasjon (*)

Set inn multiplikasjonsteiket «*» med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>*<?> i kommandovindauget.

Subtraksjon-ikon

Minus

Set inn eit minusteikn med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>-<?> i kommandovindauget.

Divisjon (brøk)-ikon

Deling (brøk)

Set inn ein brøk med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>over<?> i kommandovindauget.

Divisjon-ikon

Divisjon

Set inn eit divisjonsteikn med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>div<?> i kommandovindauget.

Divisjon (skråstrek)-ikon

Deling (skråstrek)

Set inn ein skråstrek (/) med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>/<?> i kommandovindauget.

Ikon for boolsk IKKJE

Boolsk IKKJE

Set inn teiknet for boolsk IKKJE med éin plasshaldar. Du kan også skriva neg<?> i kommandovindauget.

Ikon for boolsk OG

Boolsk OG

Set inn teiknet for boolsk OG med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>and<?> i kommandovindauget.

Ikon for boolsk ELLER

Boolsk ELLER

Set inn teiknet for boolsk ELLER med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>or<?> i kommandovindauget.

Ikon for samankjeding

Kjed saman

Set inn eit samankjedingsteikn med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn circ i kommandovindauget.

Du kan også setja inn sjølvvalde unære operatorar ved å skriva inn uoper i Kommandovindauget og deretter teiknsyntaksen. Denne funksjonen er nyttig for å setja inn spesielle teikn i ein formel. For eksempel vil kommandoen uoper %theta x setja inn den greske bokstaven liten theta (ein komponent i teiknsettet LibreOffice Math). Du kan også skriva inn teikn som ikkje finst i LibreOffice-teiknsettet ved å velja Verktøy → Katalog → Rediger.

Du kan også setja inn sjølvvalde binære operatorar ved å skriva inn boper i Kommandovindauget. For eksempel vil kommandoen y boper %theta x setja inn den greske bokstaven liten theta mellom bokstavane x og y. Du kan også skriva inn teikn som ikkje finst i LibreOffice-teiknsettet ved å velja Verktøy → Katalog → Rediger.

Dersom du skriv <?>oplus<?> i kommandovindauget, set du inn ein plussteikn i sirkel-operator i dokumentet.

Skriv <?>ominus<?> i kommandovindauget for å setja inn ein minus i sirkel-operator.

Skriv <?>odot<?> i kommandovindauget for å setja inn ein punkt i sirkel-operator i formelen.

Skriv <?>odivide<?> i kommandovindauget for å setja inn ein divisjon i sirkel-operator i formelen.

Skriv inn a wideslash b i kommandovindauget for å laga to teikn med ein skråstrek mellom (streken går frå nede til venstre og opp mot høgre). Teikna er sett opp slik at alt som er til venstre for streken er opp og alt til høgre er ned. Denne kommandoen er òg tilgjengeleg frå kommandovindauget.

Skriv inn a widebslash b i kommandovindauget for å laga to teikn med ein skråstrek mellom (streken går frå oppe til venstre og ned mot høgre). Teikna er sett opp slik at alt som er til venstre for skråstreken er ned og alt til høgre er opp. Denne kommandoen er òg tilgjengeleg i kommandovindauget.

Skriv sub eller sup i kommandovindauget for å leggja til indeks eller eksponentar i teikna i ein formel, for eksempel «a sub 2».

Tipsikon

Viss du vil bruka kolon (:) som divisjonsteikn, vel Verktøy → Symbol eller klikk på ikonet Katalog på verktøylinja. Klikk på knappen Rediger i dialogvindauget som kjem fram og vel teiknsettet Spesial. Skriv inn eit meiningsfullt namn ved sida av Symbol, for eksempel «divider» og klikk på kolon i symbolsettet. Klikk på Legg til og deretter på OK. Du brukar også OK for å lukka dialogvindauget. Nå kan du bruka det nye symbolet, i dette tilfellet kolon, ved å skriva inn namnet i kommandovindauget, for eksempel a %divider b = c.


Åtvaringsikon

Når du skriv inn informasjon manuelt i kommandovindauget, bør du vera merksam på at mange operatorar krev at du set inn mellomrom mellom elementa for å få korrekt struktur. Dette gjeld spesielt viss du brukar verdiar i staden for plasshaldarar i operatorane, for eksempel når du lagar divisjonar som «4 div 3» eller «a div b».


Støtt oss!